Husdyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Husdyr eller tamdyr er dyr som menneske har knytta til seg, temd og brukt til nytte eller selskap over lengre tid slik at dei er blitt domestiserte. Ein bruker mellom anna husdyr til å laga kjøt og andre dyreprodukt (som mjølk, egg og skinn) eller for å hjelpa til med arbeid (som transport, pløying og jakt). Husdyr kan også brukast til hobbiar (t.d. riding) eller haldast som kjæledyr.
[endre] Historie
Historikarar trur at menneske har halde husdyr i om lag 8 000 år. Det første husdyr var truleg hunden. Deretter kom sau, geit, gris, kyr, høns og kattar.