Gjøvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0502 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Gjøvik |
Flatevidd: | 672 km² |
Folketal: | 28 301 (2008) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.gjovik.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Bjørn Iddberg (Ap) 2007-2011 |
Gjøvik er ein kommune og største by i Oppland fylke med Lillehammer, Nordre Land, Søndre Land, Vestre Toten og Østre Toten som nabokommunar. På andre sida av Mjøsa i nordaust ligg Ringsaker kommune. Navnet Gjøvik kjem frå gammalnorsk «Djupvik», og er det gamle namnet på Gjøvik gard i sentrum av byen. Arealet for den nye storkommunen Gjøvik er 672,0 km2.
Innhaldsliste |
[endre] Bydelar
Gjøvik kan delast i fleire bydelar/bustadsområde; delet går i stor grad etter løpet til Hunnselva. Det er tre framtredande delar, men desse er også sett saman av mindre delar med sitt eige særpreg. Nord for Hunnselva har me Nordbyen som rommar meste parten av områda i Gjøvik sntrum og villaområda ved Hunn og Tranberg. Denne bydelen har tradisjonelt husa borgarskapet i dei sentrumsnære områda nord for bysenteret. Sørbyen er områda ved Tongjordet, Kallerud og Kopperud, og har tradisjonelt vore tilhald for arbeidarfamileane som var sysselsette i dei mange store industribedriftene i og omkring Gjøvik. Hunndalen er ein forstad som vaks opp kring Mustad Fabrikker, og har med tida vakse saman med Gjøvik og vorte ein vesentleg del av byen. Det tradisjonelle busettnadsmønsteret har endra seg i stor grad dei siste tiåra. Bybrua er ein tettstad vest for Gjvøik by.
[endre] Historie
I eldre tid var Gjøvik ein gård i Vardal sokn, og i 1801 budde det på Øvre og Nedre Giøvig gård til saman 19 personar. Gjøvik by vaks så fram kring Gjøvik Glassverk. Gjøvik glasverk vart etablert av Caspar Kauffeldt i 1807 og nedlagt i 1843. Ved nedleggjinga av glasverket heldt staden på å bli fråflytt. Den siste eigaren av glasverket, Wexel Hansen Kauffelt arbeidde i fleire år for å få i gang ny verksemd for å hindre fråflytting. Kauffeltgarden - ein rest av Gjøvik glasverk ligg no i sentrum av byen, ved rådhuset. Gjøvik vart fråskilt frå Vardal som eigen kommune i 1859 og fekk kjøpstadrettar frå 1. januar 1861. Gjøvik har sidan hatt status som by. Glasverket har på 2000-talet på nytt teke opp att drifta, og er i dag ein av mange livskraftige verksemder i Gjøvik by. Mellom anna har verket vidareført produksjonen av gjøvikblått glas som var kjennemerket til bedrifta før stenginga i det 19. hundreåret.
Før kommunesamanslåinga i 1964 var arealet som utgjer Gjøvik i dag fire mindre kommunar: Vardal, Biri, Snertingdal og Gjøvik.
[endre] Næringsliv
Gjøvik har lange tradisjonar innanfor handel, industri og utdanning og har lenge vore forretningssentrum for Toten og store delar av Vest-Oppland. Mustad som produserer mellom anna fiskekroker og Hunton ligg langs Hunselva i Gjøvik. Den lokale avisa heiter Oppland Arbeiderblad, som er monopolavis i regionen etter at den borgarlege (SP-avisa) Samhold/Velgeren gjekk inn i 1998. Gjøviks Blad er ei nyetablert regionalavis med gamle røter.
Gjøvik Olympiske Fjellhall ligg i sentrum, og vart brukt under Vinter-OL.
[endre] Utdanning
- Tranberg vgs. (Allmenfag og musikk, dans, drama)
- Gjøvik vgs. (Yrkesfaglig)
- Bondelia vgs. (Helse og sosialfag, hudpleiefag og studieretning for Medier og kommunikasjon)
Dei tre skulane vart slegne saman til ein ny vidaregåande skule frå den 1. januar 2005. Den nye skulen har namnet Gjøvik videregående skole. Ny skulebygning vert i 2006-2007 reist ved Tranberg i Nordbyen.
- Høgskolen i Gjøvik ligg på Kallerud sørvest for Gjøvik sentrum.
- Gjøvik tekniske fagskole
[endre] Samferdsle
Gjøvik er knutepunkt og samferdslesentrum for eit område med i overkant av 100 000 menneske. Innpendlingsområdet gjeld i fyrste rekke Søndre- og Nordre Land kommunar i tillegg til Østre- og Vestre Toten. I tillegg er Gjøvik næraste by og kommunikasjonssentrum for dei som bur på Hadland (Gran, Jevnaker og Lunner) og i Valdres. Fleiere samferdsleårer går gjennom byen. Riksveg 33 bind Gjøvik saman med E6 ved Minnesund. Riksveg 4 går gjennom byen og vert møtt av E6 midt i kommunen mellom Redalen og Biri. I sørleg retning knyt vegen Gjøvik til Raufoss (Vestre Toten) og Gran (Hadeland). Gjøvikbanen har endestasjon i Gjøvik sentrum. Etter at Mjøsbrua vart opna er fergesambandet Gjøvik-Mengshol kvilande, men framleis intakt.
[endre] Verdt å sjå i Gjøvik
- Gjøvik gard
- Gjøvik glassverk
- «Skibladner»
- Gile gard
- Eiktunet kulturhistoriske museum
- Kauffeltgården
- Annextad gård
- Postbondegården
- Gjøvik olympiske fjellhall (Fjellhallen)
[endre] Kjende gjøvikensarar
- Paul Olaf Bodding, misjonær i India for Den norske Santalmisjon, omsetjar og folkelivsgranskar.
[endre] Kjelder
NAF, Norges Automobil-Forbund: NAF Veibok 2004
|