Det tredje riket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Det tredje riket (òg kalla Hitler-Tyskland eller Nazi-Tyskland) er ei nemning på det nazistisk styrde Tyskland i tida 1933-45. Riket vart leia av diktatoren Adolf Hitler, som fekk tittelen 'Føraren' (Der Führer). «Det tredje riket» (ty. Das dritte Reich) refererer til det tysk-romerske riket som «Det første riket», og det tyske keisarriket som «Det andre riket».
På sitt aller største, i 1942 strekte det 3. riket seg frå Frankrike i vest til Volga, grensa til Asia, i aust, og frå Noreg i nord til ørknane i nord-Afrika. På det tidspunktet var verda inne i dei kanskje aller viktigaste dagane av andre verdskrigen, med slag som skulle komme til å avgjera framtida både i Afrika og kanskje aller viktigast i Stalingrad.
Fleire og fleire tyskarar la ned liva sine for Hitler og det 3. riket sin kamp for utviding og rasereinsing, men kampen vart heile tida hardare, ettersom dei allierte voks seg sterkare og sterkare.
}