Andre verdskrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den andre verdskrigen var den mest omfattende militære konflikten i verdshistoria. Krigshandlingar skjedde i fleire verdsdelar samstundes. Krigen kosta kring 55,5 millionar menneske livet. Krigen i Asia byrja med Japan sitt forsøk på å leggja under seg delar av Kina i 1931. I Europa braut krigen ut i 1939. Tyskland gjekk til åtak på Polen.
Aksemaktene var Tyskland, Italia, Japan og deira allierte. «Dei allierte» var i all hovudsak Storbritannia, USA, Sovjetunionen og Kina. Krigen enda med Japan sin kapitulasjon 2. september 1945. Sambandsstatane (USA) hadde sluppe atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki, og utrydda hundretusenvis av japanske sivile.
Dei skandinaviske landa var nøytrale. Tyskland gjekk til åtak på Noreg og Danmark i byrjinga av april 1940. Tilsvarende vart Island, Færøyane og Grønland (danske koloniar) hærsett av dei allierte.
Finland måtte først forsvara seg mot sovjetisk åtak under Vinterkrigen vinteren 1939-40, noko dei gjorde godt og fekk mykje sympati for. Men dei finske leiarane allierte seg så med nazi-Tyskland i det finnane kallar "Framhaldskrigen" mot Sovjetunionen frå sommaren 1941, der dei ikkje berre tok att tapte område, men dreiv krigføring langt inn på udiskutabelt sovjetisk område ilag med dei nazistiske styrkane. I 1944 trekte Finland seg frå denne svært uheldige alliansen med Adolf Hitler, og utkjempa Lapplandskrigen. Finnane fekk til ein etter måten gunstig fredsavtale med Sovjetunionen som gjorde at finsk sjølvstende og demokratisk styreform vart bevart. Men dei måtte gå med på nokre grenseendringar (som blant anna gjorde at Noreg fekk felles grense med Sovjetunionen.
I Europa var berre Sverige, Irland, Sveits, Portugal og Spania formelt nøytrale gjennom heile krigen.
[endre] Sjå òg
- Noreg
- Holocaust
- Den store fedrelandskrigen
- Personar:
[endre] Bakgrunnsstoff