See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Det georgiske alfabetet - Wikipedia

Det georgiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det georgiske alfabetet
Det georgiske alfabetet
Innskrift med georgisk alfabet i David Gareja-klosteret
Foto: Paata Vardanashvili
Type Alfabet
Periode Siden 5. årh. e.Kr. (trad. 3. årh. f.Kr.)
Språk Georgisk og enkelte andre sørkaukasiske språk
Avstamming Muligens frå det greske alfabetet
Skapt av trad. Parnavaz I av Iberia
Unicode 10A0 — 10FF
ISO 15924 Geor

Det georgiske alfabetet blir brukt til å skriva georgisk og nokre få andre kaukasiske språk, som mingrelsk. Det blei også brukt til å skriva ossetisk og abkhasisk på 1940-talet.

Dagens alfabet har 33 bokstavar. Ein handfull andre var i bruk tidlegare, men har gått ut av bruk. Bokstavane står nesten i eit ein-til-ein-tilhøve med lydane i georgisk.

Alfabetet er kjent sidan 400-talet, men har uklart opphav. Nokre teikn liknar greske skriftteikn, medan andre kan ha andre opphav. I følgje dei tradisjonelle sogene som vart skrive ned av Leonti Mroveli i det 11. hundreåret, vart det georgiske alfabetet laga av Parnavaz I, den første kongen av Kaukasisk Iberia (også kalla Kartli), i det tredje hundreåret f.Kr.

Det finst tre forskjellige variantar av det georgiske alfabetet, som er så forskjellige frå kvarandre at det ikkje er mogleg å forstå dei to andre ved å forstå eitt av dei. Desse variantane blir kalla asomtavruli (majusklar), nuskhuri (minusklar) og dagens mkhreduli, som ikkje har forskjell mellom store og små bokstavar.

Asomtavruli-alfabetet, også kjend som mrgvlovani ('avrunda'), finst i inskripsjonar frå 400-talet, som i den georgiske kyrkja i Betlehem frå omlag 430, medan visse arkeologiske funn an vera endå eldre. Nuskhuri, også kjend som kutkhovani ('firkanta') dukka opp på 800-talet. Dei to alfabeta blei brukte saman i religiøse tekstar, der dei avrunda asomtavruli-bokstavane blei brukte som majusklar. Saman var dei kjend som khutsuri, 'kyrkjeskrift'.

Det moderne alfabetet, mkhreduli ('sekulær' eller 'militær skrift'), dukka opp på 1000-talet og blei først brukt til ikkje-religiøse tekstar. Det erstatta kyrkjeskrifta heilt på 1700-talet.

[endre] Alfabetet

Bokstav Unicode Namn Latinsk
transliterasjon
Engelsk
transkripsjon
Uttale (IPA)
U+10D0 an A a А а [a]
U+10D1 ban B b B b [b]
U+10D2 gan G g G g [ɡ]
U+10D3 don D d D d [d]
U+10D4 en E e E e [ɛ]
U+10D5 vin V v V v [v]
U+10D6 zen Z z Z z [z]
U+10D7 tan T t T t [tʰ]
U+10D8 in I i I i [ɪ]
U+10D9 k’an K’ k’ K’ k’ [kʼ]
U+10DA las L l L l [l]
U+10DB man M m M m [m]
U+10DC nar N n N n [n]
U+10DD on O o O o [ɔ]
U+10DE par P’ p’ P’ p’ [pʼ]
U+10DF žan Ž ž Zh zh [ʒ]
U+10E0 rae R r R r [r]
U+10E1 san S s S s [s]
U+10E2 t’ar T’ T’ T’ T’ [tʼ]
U+10E3 un U u U u [ʊ]
U+10E4 par P p P p [pʰ]
U+10E5 kan K k K k [kʰ]
U+10E6 ɣan Ɣ ɣ Gh gh [ɣ]
U+10E7 q’ar Q’ q’ Q’ q’ [qʼ]
U+10E8 šin Š š Sh sh [ʃ]
U+10E9 čin Č č Ch ch [ʧʰ]
U+10EA can C c Ts ts [ʦʰ]
U+10EB ʒil Ʒ ʒ Dz dz [ʣ]
U+10EC c’il C’ c’ Ts’ ts’ [ʦʼ]
U+10ED č’ar Č’ č’ Ch’ ch’ [ʧʼ]
U+10EE xan X x Kh kh [x]
U+10EF ǯan Ǯ ǯ J j [ʤ]
U+10F0 hae H h H h [h]


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -