Confederate States of America
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonalt motto: Deo Vindice (Latin: Under God our Vindicator) |
|||||
Nasjonalsong: God Save the South (ikkje offisiell) Dixie (mykje nytta) |
|||||
Hovudstad | Montgomery i Alabama 4. februar 1861–29. mai, 1861 Richmond i Virginia 29. mai 1861–9. april 1865 Danville i Virginia 3. april–10. april 1865 |
||||
Største by | New Orleans 4. februar 1861 til overgjevinga 1. mai 1862 |
||||
Offisielt språk | Engelsk (i røynda) Ymse andre europeiske språk og indianarspråk regionalt |
||||
Styresett President Visepresident |
Føderal republikk Jefferson Davis Alexander Stephens |
||||
Flatevidd - Total - % water |
(excl. MO & KY) 1,995,392 km² 5.7% |
||||
Folkesetnad - Folketeljinga i 1860 - Tettleik |
(utanom. MO & KY) 9103332 (3521110 slavar) 4.5/km² |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjend - Overgjeving |
4. februar 1861 berre av Hertugdømet Saxen-Coburg Gotha 9. april 1865 |
||||
Valuta | CSA dollar (berre setlar) US dollar |
Confederate States of America (CSA), Amerikas konfødererte statar, var ein konføderasjon skipa av tidlegare delstatar i Sambandsstatane (USA). I kortform vert statsdanninga omtala som konføderasjonen, Dixie eller berre som sørstatane. Etter at Abraham Lincoln vart vald til president i USA hausten 1860 frykta mange statar i sør at dei føderale styresmaktene i USA ville legge ned forbod mot slaveri. Som ein reaksjon frå dette valde sju delstatar (Sør Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia, Louisiana og Texas) å erklere seg som uavhengige frå USA og danna Amerikas Konfødererte Statar. President Lincoln såg på fråtredinga frå Unionen som brot på den førderale grunnlova og sette i gang ein rekruteringsprosess der det vart rekrutert 75,000 frivilljuge soldatar til unionshæren som skulle sendast sørover for å slå ned på det Lincoln såg på som eit opprør. Som ein reaksjon på dette valde fire nye delstatar (Virginia, Arkansas, Nord Carolina og Tennessee) å gå over til Konførderasjonen. Jefferson Davis vart utpeika til å vera president for konføderasjonen. Slik vart Borgarkrigen i USA utløyst.