Bakke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakke er ein tidlegare norsk kommune som nå er ein del av Flekkefjord.
Bakke blei oppretta som eit formannskapsdistrikt i 1837. Fram til 1848 utgjorde Bakke, Gyland, Tonstad og Øvre Sirdal delar av distriktet. I 1849 blei det så delt inn i Bakke og Gyland kommune og Sirdal formannskapsdistrikt (Sirdal kommune) av Tonstad og Øvre Sirdal. Bakke og Gyland kommune blei vidare delt i to kommunar i 1894.
I 1965 blei Bakke, Nes, Hidra og Gyland slått saman med Flekkefjord by til storkommunen Flekkefjord.