1848
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1848 er kjent som eit revolusjonsår. Dårleg økonomi og misnøye med styresmaktene førte til opprør i Brasil og fleire land i Europa. Mange liberalarar trudde at dette var byrjinga på ei ny tid, mange regime trudde det var slutten på deira. Dei tok for det meste feil. Dei fleste revolusjonane blei slått ned utan at folk fekk det noko betre. Revolusjonsåret var likevel eit signal om den mektige sosialistiske rørsla som skulle reisa seg seinare.
Innhaldsliste |
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 24. januar - James W. Marshall finn gull i California og startar gullrush i California.
- 2. februar - Krigen mellom Mexico og USA endar med at Mexico avstår fleire statar til USA. Avtalen blir ratifisert i Mexico den 19. mai.
- 21. februar - Karl Marx gjer ut Det Kommunistiske Manifestet.
- 23. februar - Februarrevolusjonen bryt ut i Paris.
- Revolusjonar bryt ut i Tyskland: Rheinland (3. mars), Wien (12. mars), Berlin (18. mars).
- Revolusjonar bryt ut i Italia: Venezia (7. mars), Milano (18-22. mars), og Piemonte (27. mars).
- 15. mars - Revolusjon bryt ut i Pest.
- 29. mai - Wisconsin blir den 30. staten i USA.
- 29. juli - Eit irsk opprør i Tipperary blir slått ned av britiske styrker.
- 28. august - Mathieu Luis frå Guadelupe blir den første svarte representanten i den franske nasjonalforsamlinga.
- 3. november - Nederland får ny grunnlov.
- 7. november - Zachary Taylor blir vald til amerikansk president.
- 2. desember - Ferdinand I av Austerrike abdiserer og nevøen hans, Franz Josef I, blir ny keisar.
- 10. desember - I Frankrike blir prins Louis-Napoleon Bonaparte vald til den første presidenten i den andre republikken.
- Treårskrigen mellom Danmark og Tyskland om området Slesvig-Holstein.
- Krig bryt ut mellom engelske styrker og sikhar i Punjab.
- Slaveri blir oppheva i Frankrike og franske område.
- Slaveriet på Dei dansk-vestindiske øyene blir oppheva.
- Liveigenskap blir oppheva i Austerrike-Ungarn.
- Sveits får sin første federale grunnlov.
- Praieira-opprøret tek til i Brasil.
- Nederland, Storbritannia og Tyskland hevdar eigedomsrett over New Guinea.
- Skotske nybyggjarar grunnlegg Dunedin på New Zealand.
[endre] Noreg
- 27. desember - Marcus Thrane startar den første arbeidarforeninga i Drammen.
- Ålesund får status som by.
- Blaafarveværket, den største industriverksemda i landet, går konkurs.
- Henrik Ibsen gjev ut det første verket sitt, Catilina.
- Ivar Aasen gjev ut Det norske Folkesprogs Grammatik.
[endre] Fødde
- 3. februar - Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08)
- 10. april - Hubertine Auclert, fransk kvinnesakskjempar.
- 7. juni - Paul Gauguin, fransk målar.
- 15. juli - Vilfredo Pareto, italiensk økonom.
- 6. juli - Gabor Baross, ungarsk statsmann.
- 19. september - Gunnar Knudsen, norsk politikar og statsminister (1908-10 og 1913-20)
- 8. november - Gottlob Frege - grunnleggjaren av moderne logikk.
- 22. desember - Ulrich von Wilamowitz-Moellendorff, tysk klassisk filolog.
[endre] Døde
- 23. februar - John Quincy Adams, tidlegare amerikansk president.
- 8. april - Gaetano Donizetti, italiensk komponist.
- 7. august - Jöns Jacob Berzelius, svensk kjemikar.
- 12. august - George Stephenson, oppfinnar av damplokomotivet.
- 24. november - William Lamb (Lord Melbourne), tidlegare engelsk statsminister.
- 19. desember - Emily Brontë, engelsk forfattar.
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>