Aksentteikn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein aksent (uttale: [akSANG] eller [akSENT], valfritt) er ein lydstrek som spesifiserer uttalen av den bokstaven han står over.
Aksentteikn vert òg kalla diakritiske symbol. Aksentteikna som er i bruk i norsk er: ´ (akutt aksent), ` (grav aksent) og ^ (cirkumfleks).
Akutt aksent vert òg kalla akutteikn, accent aigu, høgrevendt aksent eller høgreaksent. Han markerer at ei staving har sterkt trykk. Døme på akutt aksent: idé, trofé, diskré, éin, éi.
Grav aksent vert òg kalla accent grave, venstrevendt aksent eller venstreaksent. Døme på bruk av grav aksent: òg , à jour, 2 stk à kr 100.
Cirkumfleks eller sirkumfleks vert iblant kalla møne eller hatt, men er ein aksent på line med dei to andre. Døme på ord med cirkumfleks: tête-à-tête, crème fraîche, entrecôte, vêr og fôr.
I andre språk med latinske alfabet finst det mange andre aksentteikn, m.a. teikn som skal stå under bokstaven. Døme på andre aksentar: ç (cedille), õ (tilde), ë (tødlar).
Prikken over i og j vert ikkje rekna som ein aksent, heller ikkje tødlane over finsk eller svensk ä og ö, streken gjennom norsk og dansk ø eller ringen over å. Dét er fordi alle desse er sjølvstendige bokstavar i alfabetet, som er sidestilte med bokstavar utan diakritiske teikn og ikkje sorterer under andre bokstavar i lister o.l., slik som t.d. é og tysk ä og ö gjer (dei vert sorterte under e, a og o).