See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Brukar:ZorroIII/arkivtest/Arkiv/2008/februar - Wikipedia

Brukar:ZorroIII/arkivtest/Arkiv/2008/februar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arkiv

Archive

Brukar:ZorroIII/arkivtest/Arkiv

Innhaldsliste

[endre] Fleirtydingssider

Opplegget stemmer ikkje heilt med politikken om å ikkje ha parantesar i titlar. Er ikkje t.d. Fleirtyding av ordet Io betre enn Io (fleirtyding)? --Harald Khan Ճ 14:22, 6 februar 2008 (CET)

Eg hugsar ikkje kor diskusjonen ligg, men det er semje om at fleirtydingar er den einaste staden der det er greitt med parentesar. --Tannkrem 14:29, 6 februar 2008 (CET)
Parenteser gjør at man kan lage lenkene enklere:
[[hals (fleirtyding)|]]

blir automatisk

[[hals (fleirtyding)|hals]]

og lenka blir da hals.

ZorroIII 11:00, 13 februar 2008 (CET)
Pluss at fleirtydingssider les aldri normalbrukarar tittelen på. Dei blir omdirigert dit. --Ekko 11:51, 13 februar 2008 (CET)
Vel sidan det no fantes argument for å unngå parentesar i vanlege artikkeltitlar, så gjer det det i aller høgste grad for omdirigeringssider òg. Og om ein så blir omdirigert, så les ein ikkje mindre på tittelen. Nøyaktig kva meiner du at lenkjene blir "automatisk" forkorta, Zorolll? --Harald Khan Ճ 20:11, 13 februar 2008 (CET)
De blir forkortet ved at man "gjemmer" navnerom og parenteser ved å legge inn | men ikke skrive noe etter. Jeg går utifra at mediawiki var forberedt på akkurat dette. Ikke bare det, men bruk av parenteser gir lead-in en større tilhørighet til tittelen, i den grad det er viktig. — H92 (d · b · no) 20:38, 13 februar 2008 (CET)
Men her kan ein vel òg forandra kva som skal gje forkorting kva som ikkje skal (lenkjer som startar med fleirtyding av ordet får same funksjon); openbert kunne ein forandra det ifrå engelsk til norsk. Det andre går ut på kor vidt ein burde ha parentesar i det heile eller ikkje. --Harald Khan Ճ 21:02, 13 februar 2008 (CET)
Du har eit poeng, og eg trur ikkje me har diskutert dette særleg grundig. «Fleire tydingar av ...» er kanskje ein klarare tittel? Men han blir litt lengre å skriva, og det vil (kanskje) bli (litt) vanskelegare å sortera fleirtydingssidene alfabetisk om me gjer det slik. --Ranveig 14:32, 14 februar 2008 (CET)

[endre] Gode artiklar på andre språk

No er stjernene i margen for gode artiklar på andre språk borte igjen. Kan dei flinke hjelpe? --Ekko 19:08, 12 februar 2008 (CET)

Kor lenge har dei vore vekke? Anders 19:17, 12 februar 2008 (CET)
Fleire veker sidan eg aktivt såg etter dei, og dei var der. --Ekko 19:18, 12 februar 2008 (CET)
Det ser ut som om stjernene i margen framleis ikkje virkar i IE? Kan nokon sjekke om det fungerer i Mozilla/Opera/Konqueror et cetera, et cetera? Anders 13:28, 14 februar 2008 (CET)
Det ser ikkje ut til å fungere i Mozilla. --Frokor 14:17, 14 februar 2008 (CET)
Testing i Linux: Det verker i Firefox, Opera og Konqueror, og berre innlogga i Seamonkey. Noko er fortsatt gale, men ikkje så gale for alle. --Ranveig 14:32, 14 februar 2008 (CET)
Flytta stjernekoden nesten heilt øverst i monobook.js, og hjå meg verkar det i IE no, for ein gongs skuld. Har hatt ei lita tanke om at det ligg noko kode i monobook som er showstoppar i IE. Deretter stoppar alt i monoobook som er plassert etter den koden. Men akkurat kva kode som stoppar opp for resten i IE, gidd eg ikkje finne ut på denne tida av døgeret. Kos dykk med stjerne (og førehandssortering skal vel kanskje verke i IE det og no)... :) Anders 02:11, 21 februar 2008 (CET)
Manatar virker nå i Safari. — H92 (d · b · no) 12:22, 21 februar 2008 (CET)

[endre] 30,000 artiklar-tips

Eg tippar det skjer i morgon og at Frokor blir bidragsytaren. --Bep 19:51, 12 februar 2008 (CET)

Då lyt eg henga i! --Frokor 20:09, 12 februar 2008 (CET)
Eg føreslår at me alle prøver å skriva særleg lange og fine nye artiklar som kanskje bryt den magiske grensa. Frokor kan halda fram som før. --Ranveig 21:35, 12 februar 2008 (CET)
  • I morgon føremiddag rundar me 30 000 artiklar. Det er mitt tips. --Cato 20:30, 12 februar 2008 (CET)

Eg gjettar på at det skjer rundt midnatt og at artikkelen blir skriven av ein anonym brukar om ei ukjend puertoricansk filmstjerne. Men sikker er eg ikkje. --Ranveig 21:35, 12 februar 2008 (CET)

Hm. Plutseleg vart det veldig fristande å sitja oppe heile natta med An introduction to protozoa, eventuelt å skulka skulen i morgon. Mitt største håp er at artikkel 30 000 ikkje tek for seg eit tema me burde hatt artikkel om frå før for lenge sidan, sidan dette vil sjå særs flautt ut på pressemeldinga vår.--Gunnar Mikalsen Kvifte 21:55, 12 februar 2008 (CET)
Pressemelding, ja... Den hadde det vore fint både å skriva og senda ut. --Ranveig 23:14, 12 februar 2008 (CET)
Liz Torres, til dømes? Ho har puertoricansk bakgrunnn (dei har ein artikkel om ho på engelsk wikipedia), har vunne ein Emmy-pris - så ikkje heilt ukjend. Kanskje det blir ho? Eg, for min del, skal i det nye året satse på færre, men pangsterke artiklar. --Bep 21:59, 12 februar 2008 (CET)
Eg synest no at det vil høve med ein dugnadsartikkel, gjerne ein som vil bli kopiert til bokmålswiki i overmorgon. - Knut 22:41, 12 februar 2008 (CET)
Eg er i utgongspunktet skeptisk til dugnadsartiklar, men her er det ikkje umogleg at eg bidreg...--Gunnar Mikalsen Kvifte 22:49, 12 februar 2008 (CET)
He he he! Eg har lært ein ting eller to av Muhammed. Om Bergen ikkje vil koma på dugnad... --Ranveig 23:14, 12 februar 2008 (CET)

[endre] Bidragsteljaren

Er det nokon som veit noko om når redigeringsteljaren vil vere oppe og gå igjen. No har den ikkje virka på 3-4 veker. --Cato 15:48, 13 februar 2008 (CET)

Du finn dine eigne bidrag under innstillingar. Jeblad 08:26, 14 februar 2008 (CET)

[endre] 30 000

Gratulerar til alle med artikkel nr. 30 000! Og til Olve som fekk æra av å runde ein ny milepæl! --Frokor 17:01, 13 februar 2008 (CET)

Grattis Olve! Anders 17:05, 13 februar 2008 (CET)
Gratulere, Olve! Du (og vi alle) skal få ein blomsterbukett av meg i løpet av kvelden. - Knut 17:20, 13 februar 2008 (CET)
Dei siste hundre tok si tid; gratulerer Olve. --Harald Khan Ճ 17:42, 13 februar 2008 (CET)

Gratulerer fra bokmål/riksmålspedia! Og til de som ikke gidder å se etter: Det var Gunnar Berg som ble artikkel 30.000. ;) — H92 (d · b · no) 20:44, 13 februar 2008 (CET)

Ja, gratulerer (: --EivindJ 20:51, 13 februar 2008 (CET)
Ja, då var pressemeldinga utsend, til over 50 mottakarar. Eg valde å sende til ein og ein om gongen. --EIRIK\diskusjon 22:36, 13 februar 2008 (CET)
Godt jobba, og fint du får rask løn for strevet! Er einig i at det er best å passa på at alt går rett for seg framfor å massesenda til alle moglege mottakarar på ein gong. --Ranveig 16:25, 14 februar 2008 (CET)
Gratulerer til folket som har blitt sååå store! :D Jeblad 08:25, 14 februar 2008 (CET)

Det er godt jobbet, at vi nå har en stadig større versjon av Wikipedia på nynorsk er en stor fordel også for oss på bokmå/riksmål. Lykke til videre! Ulflarsen 19:01, 14 februar 2008 (CET)

Gratulerer til alle bidragsytarar på Nynorsk Wikipedia! Dette er ein fantastisk dugnadsprestasjon! --Cato 21:00, 14 februar 2008 (CET)

Gratulerar! Dette var koseleg. Ellers må eg gratulere tysk og bokmål med sine milepælar. Det er fint å nå desse. Nokon som klarar å rekne ut når vi her på huset bryt igjennom 50 000? --Krekling 15:11, 15 februar 2008 (CET)

Med dagens tempo skjer vil det skje på våren 2010. Me veks med om lag 5000 artiklar i halvåret. --Frokor 15:15, 15 februar 2008 (CET)

Gratulerer alle mann! Helsing ein inaktiv veteran. --Bjarte 10:48, 16 februar 2008 (CET)

[endre] Presseomtale

[endre] Kven skal ha ein artikkel på Wikipedia

No har eg laga eit forslag til retningliner for kven som er leksikonverdige, og kven som ikkje er det. Forslaget ligg på Wikipedia:Sandkasse/Kven. Eg føreslår at me tek prinsippdiskusjonen (Kva som skal med osb.) her på Samfunnshuset, og eventuelle detalj- og formuleringsdiskusjonar på Wikipedia-diskusjon:Kven skal ha ein artikkel på Wikipedia.
Så vil eg gjera det heilt klårt at forslaget mitt er eit første utkast. Det er altså ikkje ferdig gjennomtenkt, inneheld sikkert skrivefeil og er kanskje for detaljert. Dei tinga me ikkje er nokolunde einige om, synest eg ikkje me kan ha med i retningslinene. Men eg reknar med at essensen i forslaget er relativt ukontroversielt. --Tannkrem 15:44, 16 februar 2008 (CET)

Eg syns det såg ganske så bra ut, i alle fall som første utkast. --Frokor 16:02, 16 februar 2008 (CET)
Heilt einig, skal tenkje litt før eg kjem med meire respons. --Ekko 16:04, 16 februar 2008 (CET)
Berre nokre første tankar. Dei er nok ikkje heilt gjennomtenkt. 1. At alle komiteleiarar i alle kommunar skulle vere leksikonverdige stiller eg meg svært tvilande til. Her må det nok gjelde eit tillegskriterium. Lang teneste ol. Berre i denne valperioden vil det vere snakk om 430*5+18*4=2222. 2. Det er ingen kategori for organisasjonsfolk som eg kunne sjå. Håkon Lie vil ikkje vere leksikonverdig etter desse kriteria. Leiarar (leiar, storskrivar og ymse andre) på nasjonalt nivå i organisasjonar må med. stykkjet 19:22, 25 februar 2008 (CET)
Eg er einig med mykje av det du skriv. Eg personleg synest ikkje krava treng å vera altfor strenge, men dei må jo stå nokolunde i forhold til kvarandre. Kva for politikarar som skal med, kjem det nok til å vera diskusjon om i framtida og, same kva retningsliner me endar opp med.
Haakon Lie er leksikonverdig etter dei retningslinene eg har føreslått. Mellom anna som forfattar. Men han burde òg vera leksikonverdig som politikar og leiar, det er eg einig i.
Det meste av diskusjonen går på Wikipedia-diskusjon:Sandkasse/Kven. Kom gjerne med forslag til nye formuleringar. --Tannkrem 19:58, 25 februar 2008 (CET)

[endre] Varsemd

Dei som skal handheve køyrereglar som dette, må vise klokskap og varsemd. Spesielt når urøynde brukarar skriv. Om nye brukarar vert møtte med ei mengd reglar og krav, skremmer vi dei bort. Vi må heller ha tru på at kvaliteten lyfter seg etterkvart. Og vi manglar folk i dugnadsgjengen! - Knut 07:36, 21 februar 2008 (CET)

Sjølvsagt må me det. Det er akkurat som i dag, me er flinke til å ta oss tid til slettediskusjonar her på nn:. Men artiklar vert jo føreslått sletta i dag og. Om me har retningsliner, vert det ikkje fullt så mange tvilstilfelle, og me kan ta prinsippdiskusjonen ein gong for alle.
Nye brukarar som berre vil skriva om halvkjende folk dei kjenner, er ikkje nødvendigvis det me treng meir av. Og nye brukarar som først og fremst skriv fornuftige ting, må likevel tola at ikkje alt dei skriv høyrer heime på Wikipedia. Akkurat slik me røynde brukarar må tola. --Tannkrem 07:56, 21 februar 2008 (CET)

[endre] Mal for TV-serier

Hei

Eg lurar på om det finst nokre malar eller oppsett for TV-seriar på nynorsk Wikipedia. For tida er eg nemleg i gang med å byggje ut artikkelen om serien One Piece, men eg synest han blir litt stygg utan ein sømeleg mal med oversyn over viktig informasjon om serien og den slags. Difor spør eg: finst det slike malar her, og viss ikkje, kunne då nokon laga dei? (Eg er ikkje heilt trygg på nynorsken min enno, så de lyt orsake moglege feil i teksten min) Michae2109 20:28, 18 februar 2008 (CET)

Du finn ein på Mal:infoboks tv-serie. Eg veit ikkje kor god den er; ser i alle fall at du må setja farge på sjølv, av alle ting. --Harald Khan Ճ 20:37, 18 februar 2008 (CET)
Takk for hjelpa:) Michae2109 01:14, 19 februar 2008 (CET)

[endre] Skanwiki

No har me eit system som fordeler interwikilekkjene for oss, stemmer ikkje det? Kan me ikkje då like godt leggja interwikilista inn alfabetisk? Dette vil gjera det litt enklare å kopiera iw-lister til og frå nn:. På da: ser eg dei har byrja å leggja mange språk øvst som standardinnstilling, og dei sorterer alfabetisk, så det er iallfall heilt sikkert at det let seg gjera. Det tek jo litt tid å endra det i dei gamle artiklane, men det kan me vel ta litt etter litt.

Når eg først er inne på emnet: Eg kunne ha tenkt meg å ha skanwiki først, så engelsk. Det går ikkje, vel ein engelsk kjem det først sjølv om ein òg kryssar av på skanwiki. Går det an å fiksa det sånn at dei skandinaviske språka i utgangspunktet er førstevalet, også dersom ein vel andre språk ein vil prioritera før Afrikaans? (Usignert innlegg av Tannkrem, 21. feb. 2008 kl. 20:44)

1: Jau, eg har no då prøvd å få folk med meg på ei slik ordning for ei stund sidan, men då ville folk fortsatt ha tvungen no/sv/da sortert i miden, sjølv om dei kanskje ikkje låg i folks eigne eventuelle preferansar. Eg la det på førebels is, ettersom Jeblad si kode er relativ fersk og eg er usikker på om verkar alle stader, me har jo nett hatt problem med stjerne i artiklane og det viser seg at monobook er lusete som fy (og at det ikkje er noko i vegen med faaa-koda eller IE (vel, kremt for det siste). Men om folk no skiftar meining, kan me alltids ta ein kikk på det igjen, når monobook har blitt gått igjennom og avlusa.
2: Det går ikkje førebels, men eg håpar det vert mogleg i Jeblad sine seinare versjonar.Anders 22:22, 21 februar 2008 (CET)

Rekkjefølgjen no/nb-sv-da let seg ikkje kode enno. Eg er i alle fall ikkje særleg interessert i å ha dansk øvst på lista, slik eit reint alfabetisk oppsett vil føre til. Ikkje at eg har noko mot dansk, men bokmål er no eingong nyttigare ettersom det ligg språkleg nærmare. Inntil det blir muleg å ha ei stabil no/nb-sv-da-sortering (ikkje da-no/nb-sv), synest eg vi skal unngå å forhaste oss om ei dårlegare løysing all den tid skanwiki faktisk er vedteke her og vi er svært mange som trivst med det.-- Olve 23:38, 21 februar 2008 (CET)

Jeg har som en test nå krysset av for engelske språk øverst. Da har jeg rekkefølgen no sv da ang en simple. Det at man ikke kan velge nøyaktig rekkefølge er et problem jeg ikke tror er mulig å løse uten å måtte kopiere koden manuelt i sin egen monobook.js. Jeg tror også at hvis vi velger å sortere kodene alfabetisk, og legger inn no sv da i MediaWiki:Monobook.js vil nok brukerens egen monobook.js overstyre det (som den i grunnen skal). Lenkene vil, hvis man selv skriver i egen monobook.js en de fr es it, således sorteres i rekkefølgen en de fr es it no sv da, hvis jeg har rett. Ja, dette er komplisert, og ja, det er meget mulig jeg snakker mot bedre viten. =) — H92 (d · b · no) 00:40, 22 februar 2008 (CET)
Beklager, jeg surret litt. Krysser jeg ikke av for nn sv da kommer ang en simple øverst, og deretter no sv da. Vil man altså konfigurere rekkefølgen nøyaktig etter eget ønske må man ta med alle aktuelle språk i koden. Hvis det er slik at det er ønsket at no sv da er øverst uansett språkpakke, kan man legge dette inn i koden for språkvalgene. — H92 (d · b · no) 01:26, 22 februar 2008 (CET)
Det har kome nokon ynskjer om endringar i den aktuelle koden, og eg trur dei vil bli lagt inn ein tå dei næraste dagane. Venstremargen vil då følgje språkvalet til resten tå grensesnittet. Jeblad 00:39, 29 februar 2008 (CET)

[endre] Siste endringar

Eg ser ikkje ut til å kunna bla i siste endringar; er det ein IE 7-feil? :-) --Harald Khan Ճ 17:05, 24 februar 2008 (CET)

Det er nok slik hos alle. Du kan stille inn slik at du viser opp til 500 siste endringar, men utover det kan du ikkje gå lenger tilbake i tid så vidt eg veit (då er det vel ikkje siste endringar lenger heller ;-) ) . --Frokor 17:22, 24 februar 2008 (CET)
Ein kan t.d. slengje på ein null etter 500 i adressefeltet i nettlesaren når ein har oppe dei siste 500 endringane. Trykk enter og så får du opp dei siste 5000 endringane (om det har vore så mange endringar dei sju siste dagane): http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Spesial:Siste_endringar&limit=5000 - Viss ikkje nettlesaren kneler i staden. --Jorunn 21:02, 25 februar 2008 (CET)
Den mykje uglesette nettlesaren IE 7 knela i alle fall ikkje. ;-)
Takkar. --Harald Khan Ճ 09:33, 26 februar 2008 (CET)

[endre] Bilete i taksoboks

Har vi, eller bør vi ha, nokon regel om det bør vere plansje eller fotografi som bilete i taksoboks ?--Andreasv 14:52, 25 februar 2008 (CET)

Me har ingen regel. Eg synest eit godt fotografi er meir imponerande enn ein plansje, men det er berre min smak. Me kunne hatt mogleik for to bilete i boksen, viss ikkje det gjer han for lang? --Ranveig 15:27, 25 februar 2008 (CET)
Eg prøvar oftast bruka det beste biletet eg finn, uavhengig av om det er teikna eller fotografert.--Gunnar Mikalsen Kvifte 15:48, 25 februar 2008 (CET)
Det gjer vel eg og, men ein plansje har vel oftast meir informasjon. --Andreasv 15:52, 25 februar 2008 (CET)

[endre] Wikitreff onsdag 5. mars

Det blir no:Wikipedia:wikitreff onsdag 5. mars på utestedet «Ved broen» (hjemmesidekart) i Vika. Det er bak Vika Atrium i det som kalles Vestbanealléen. Gateadressen er Løkkegangen 1. Se etter de gamle broene inne i kvartalene. — Jeblad 28. feb 2008 kl. 14:32 (CET)

[endre] Lister

Wikepedia på andre språk har lister over ymse emne, som til dømes

Eg finn slike lister svært nyttige. Er det freit å laga slike lister på nynorsk Wikipedia, eller finst det ein god grunn for at vi ikkje bør ha lister av denne typen? --Sigmundg 18:39, 29 februar 2008 (CET)

Jaudå, her kallar me det berre ikkje for "liste over...". Sjå td. Fjordar i Noreg‎. Anders 18:46, 29 februar 2008 (CET)
Nettopp. Og ved at vi har artikkelnamn som «Fjordar i Noreg» kan desse listeartiklane utviklast til «ekte» artiklar når vi får tid. :-) Olve 18:51, 29 februar 2008 (CET)


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -