XSL
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
XSL, eigentleg the eXtensible Stylesheet Language, er eit sett av programmeringsspråk som blir brukt til å overføre XML-filer til andre format, vanlegvis til HTML, men i prinsippet til kva slags tekstbasert format som helst. Det er tre språk i XSL-settet:
- XSL Transformations (XSLT): eit XML-språk for å skrive om XML-dokument
- XSL Formatting Objects (XSL-FO): eit XML-språk for å skildre den visuelle formateringa til eit XML-dokument
- the XML Path Language (XPath): eit språk som ikkje er skrive etterXML, men som blir brult av XSLT for å plukke ut visse delar av eit XML-dokument.
Desse språka er definerte som W3C-tilrådingar.