VSO-språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VSO-språk, eller Verb-Subjekt-Objekt-språk, er innafor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har verb, subjekt og objekt i nett den rekkjefølgja. Et eg fisk for «Eg et fisk» ville ha vore ei VSO-setning på norsk.
Kjende VSO-språk er tagalog og dei keltiske språka, som irsk, skotsk gælisk og bretonsk.