Vladimir Torlopov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Aleksandrovitsj Torlopov (Владимир Александрович Торлопов) (f. 14. november 1949 i Syktyvkar) er president i Republikken Komi i Russland frå 15. januar 2000.
Torlopov er av etnisk opphav komi. Han vaks opp i landsbyen Maksakovka like ved Syktyvkar. Han var ferdig utdanna i 1971 ved Komi statlige pedagogiske institutt. Frå 1990 sat han i parlamentet i republikken Komi.
I desember 2001 vann han presidentvalet med 40% av røystene, og vann dermed over den sitjande presidenten Jurij Spiridonov. Torlopov vart sett inn som president 15. januar 2002. I 2005 vart han nominert av presidenten i Russland, Vladimir Putin til ein ny periode som president i Komi. Dette vart samrøystes stadfesta av parlamentet i Komi 7. desember 2005.
Torlopov er gift og har to døtre.
Føregjengar: Jurij Spiridonov |
President i Republikken Komi (2002– )
|
Etterfylgjar: — |