See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Vipe - Wikipedia

Vipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vipe.
Vipe.

Vipe (Vanellus vanellus) er ein fugl i lofamilien.


Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Viper.
Viper.

Vipa har ein lang fjørtopp på hovudet. Oversida på fuglen er grøn-svart med metall-glans, medan undersida er kvit med ein rustbrun undergump. Andletet er kvit med svarte striper. Hoa har mindre fjørtopp på hovudet sitt. Ho er lett å kjenne igjen medan ho flyg med sine breie butte venger.

[endre] Utbreiing

Vipa kan du sjå mykje på Sørlandet, og hekkar sjeldan over 1000 m.o.h. Frå Nordland og lenger nord, ser du ho mest med kysten. Av alle norske vadefuglar er vipa den som du finn mest nær jordbruk, landskap med kort gras og myrar. Dette er område som vipa blir knytt til.

[endre] Forplanting

Vipereir med egg.
Vipereir med egg.

Hannen er aggressiv i hekketida. Hoa rugar på egga medan hannen jagar vekk inntrengjarar. Reiret er lagt i ei grop i bakken og er bygd opp av strå. Egga blir lagde i april – mai og dei blir ruga på i om lag 1 månad. Ungane forlet reiret ganske fort. Dei blir passa godt på til dei er 5 veker gamle. Då kan dei fly.

[endre] Næring

Vipa et mest makk, men den tek også ein god del insekt og sniglar. I fjæra finn ho kreps, muslingar og børstemark som ho tek.

[endre] Tilpassing

I mars kan vi sjå hannen med sitt akrobatiske spel, som er eit teikn på at våren har kome. Saman med tjeld og stare er vipa ein av dei fyrste som kjem tilbake etter at alle trekkfuglane reiste til varmare strøk. På denne tida kan det vere mykje snø, og ho oppheld seg mykje i fjæra. Etter at snøen er reist kan dei begynne med fluktspelet sitt og markere territoriet sitt. I og med at vipa startar hekkinga tidleg, blir mange reir øydelagde av vatn frå snøen. Vipa reiser til varmare strøk i slutten av oktober.

Commons har multimedia som gjeld: Vipe


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -