Viareggio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
|
|||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Italia Toscana Lucca |
||
Borgarmeister | Marco Marcucci | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
31,88 km² |
||
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
63 276 1985/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 2 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 55049, 55048 | ||
Telefon-retningsnummer | 0584 | ||
Nettstad: www.comune.viareggio.lu.it |
Viareggio er ein by i provinsen Lucca i regionen Toscana i Italia med om lag 65 000 innbyggjarar.
Han ligg ved kysten av Tyrrenhavet i området kalla Versilia og er den nest største byen i provinsen.
Han er kjend som ein feriestad og for karnivalet i Viareggio (som har ei historie tilbake til 1873).
Byen har røter tilbake til første halvdel av 1500-talet då han vart den einaste hamna i Republikken Lucca. Den eldste bygningen i Viareggio er Torre Matilde og vart bygd av folk frå Lucca i 1541 som eit forsvarverk mot sjørøvarar.
Viareggio er eit aktivt industri- og produksjonssenter der skipsbyggarindustrien lenge har vore kjend over heile verda. I tillegg er fiske og blomsterdyring viktie næringar.
Det har lenge vore rivalisering mellom Viareggio og Lucca og innbyggjarane i Lucca kallar Viareggio for Marina di Lucca («Hamna til Lucca»). På den andre sida har innbyggjarane i Viareggio skrive songar som gjer narr av naboane sine i Lucca.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Viareggio» frå Engelsk Wikipedia, den 9. januar 2008.