Vaudeville
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaudeville (av fransk vaux de ville, byen sin lyd) er eit musikalsk teater, lystspel eller syngespel. Underhaldningsforma er òg assosiert og forveksla med varieté, farse og revy.
Vaudeville kom opphavleg frå Frankrike på 1700-talet.
Også i Noreg vart det skrive og framsynt vaudeville, mellom anna av Henrik Wergeland. Etter 1920 vart denne underhaldninga etterkvart erstatta av kino, radio og fjernsyn.