Vaskebrett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit vaskebrett er ei bølgeforma riflet plate til å gni tøyet på når ein vaskar klede for hand. Brettet vert helst laga av glas, men enkle vaskebrett kan vere laga i blikk eller tre. Saman med sinkbalja vert vaskebrettet òg bruka som eit rytmeinstrument i amerikansk folkemusikk, og vaskebrettet har gjennom det engelske namnet skiffleboard gjeve namn til musikkstilen skiffle, som var populær på 1950-talet.
Inspirert av utsjånaden til vaskebrettet, vert ordet vaskebrett òg bruka om ujamn, småbølgjet vegbane. Vaskebrett oppstår i bakkar på grusvegar med for grov grus i slitelagsdekket.
Tilsvarande vert vaskebrett òg bruka om den stramme magen på veltrente kroppar, helst hjå menn.