Varmeleiingsevne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varmeleiingsevne eller termal konduktivitet, k, er den intensive eigenskapen eit stoff har til å leie varme
Han vert definert som varmen, Q, som vert overført gjennom eit stoff med tjukkleik L i retning normalt på ei overflate med areal A i løpet av tida t på grunn av temperaturskilnaden ΔT, under stasjonære forhold, og der varmeoverføringa berre er avhengig av temperaturgradienten.
-
- varmeleiingsevne = straumen av varme × avstand / (areal × temperaturskilnad)