Varásova
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varasova Βαράσοβα |
||
---|---|---|
Høgd over havet | 917 moh | |
Ligg i/på | Aitoli og Akarnania i Hellas | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Varasova eller Varassova (gresk Βαράσοβα) er eit fjell nord i prefekturet Aitolia og Akarnania vest i Hellas. Det har ei lengd på 7 km frå nordvest til søraust og er om lag 2 km breidt. Patrasbukta ligg i sør og fjellet ligg mellom elvane Evinos og Antirrio. Fjellet er eit av dei brattaste i Hellas med fjellsider på rundt 75°. Høgda er på 917 m.
Frå toppen kan ein mellom anna sjå Akheloosdalen, det nordvestlege Peloponnes, Panakhaiko, Erymanthos, Movri og Mavra Oros. På klåre dagar kan ein sjå nokre av Dei joniske øyane, som Zakynthos.
[endre] Nærliggande stader
- Gavrolimni, nordaust
- Kryoneri, sørvest
- Galata, nordvest
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Varasova frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Den greske utgåva av artikkelen.