Uralelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uralelva | ||
|
||
Utspring | Uralfjella | |
Munning | Kaspihavet | |
Land i nedslagsfelt | Russland, Kasakhstan | |
Lengd | 2 428 km | |
Middelvassføring | 400 m³/s | |
Nedslagsfelt | 231 000 km² |
Ural (russisk Урал, kasakhisk: Жайық, Zjajyk eller Jayıq), kalla Jaik før 1775, er ei elv som renn gjennom Russland og Kasakhstan. Ho spring ut frå dei sørlege Uralfjella og endar opp i Kaspihavet etter ei lengd på 2 428 km. Grensa mellom Europa og Asia vert ofte rekna for å gå langs elva.
Elva renn frå austsida av Uralfjella og sørover gjennom Magnitogorsk, og rundt sørenden av Uralfjella, gjennom Orsk der ho snur vestover i 300 km. Ho kjem så til Orenburg der ho mottar Sakmara. Frå Orenburg held ho fram vestover og inn i Kasakhstan. Ved Oral snur ho sørover igjen og svingar seg gjennom ei vid, flat slette før ho munnar ut i Kaspihavet ved Atyrau.
Av sideelvar finn ein: