Ungdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ungdom er brukt om eit tidsrom då ein er større enn eit barn og mindre enn ein vaksen. Det er store skilnader på definisjonen av ungdom, men ein reknar gjerne med at tida startar rundt puberteten og blir avslutta når ein når ei viss symbolsk grense (som å bli myndig), gjennomfører ei overgangsrite, eller, meir diffust, blir «mogen». Ungdomsomgrepet kan òg nyttast som motsats til alderdom.
Ungdomstida er historisk sett eit nytt omgrep. I Noreg var ein til dømes barn til ein hadde «stått for presten» (blitt konfirmert). Deretter vart ein vaksen og då skulle ein i arbeid, gjerne i lære. Den nye velstanden på nittenhundretalet førte til at stadig fleire unge tok vidare utdanning og fekk meir tid for seg sjølv. Gruppene av unge skilte seg etterhvert så mykje ut at det gav meining å snakka om ein ungdomskultur.