Turboneger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turboneger, kjend som Turbonegro i utlandet, er eit myteomspunne norsk punkrock-band frå Follo. Sjølve kallar dei musikken sin death punk. Gruppa vart danna i 1988 av Rune Grønn, Pål Bøttger Kjærnes og Thomas Seltzer.
På det første albumet, Hot Cars and Spent Contraceptives, var Harald Fossberg vokalist. Han hadde tidlegare spelt i ei av dei tidlegaste punkgruppene i Oslo, Hærverk. Då Harald Fossberg grunna sjukdom gav seg som vokalist i Turboneger hanka dei inn ein kjenning av han som ny vokalist, Hans-Erik Dyvik Husby. Dei to kjente kvarandre mellom anna frå RadiOrakel i Blitzhuset. Etter vokalistskiftet endra gruppa namn til Stierkampf og gav ut ei 10-toms EP-plate kalla Grunge Whore, før dei tok attende namnet Turboneger.
Gruppa opererte lenge som eit undergrunnsband og fekk ganske mange tilhengjarar — såkalla «Turbojugend» med albuma Ass Cobra (1996) og Apocalypse Dudes (1998), men så vart gruppa brått oppløyst etter Hank von Helvete sitt heroinsamanbrot under Europa-turnéen i 1998.
I 2002 vart gruppa samla att og opptredde på Quartfestivalen det same året. I 2003 gjekk singelen Fuck The World frå albumet Scandinavian Leather til topp på hitlistene i Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Medlemer
- Hans-Erik Dyvik Husby aka. Hank von Helvete - vokal
- Thomas Seltzer aka. Happy Tom - bass
- Pål Bøttger Kjærnes aka. Pål Pot - keyboard
- Knut Schreiner aka. Euroboy - gitar
- Rune Grønn aka. Rune Rebellion - gitar
- Christer Engen aka. Chris Summers - slagverk
[endre] Tidlegare medlemer
- Pål Erik Carlin - vokal
- Harald Fossberg aka. Fuzz - vokal
- Bengt A. Calmeyer aka Bingo - bass
- Vegard Heskestad - gitar
- Ole Martinsen - bass
- Anders Gerner - slagverk
- Christian Calmeyer
- Pål Klaastad
[endre] Utgjevingar
- Turboloid (1990)
- Hot Cars and Spent Contraceptives (1992)
- Helta Skelta (1993)
- Never is Forever (1994)
- Ass Cobra (1996)
- Apocalypse Dudes (1998)
- Darkness Forever! (live) (1999)
- Love It to Deathpunk - The life & Ttimes of Turbonegro (2001)
- Scandinavian Leather (2003)
- Party Animals (2005)
[endre] Bakgrunnstoff
- NRK si artisside om Turboneger
- Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (Red.) - Norsk pop & rock leksikon. Vega forlag, Oslo, 2005.