Tryllefløyta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.
Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |
Tryllefløyta (Tysk Die Zauberflöte, K. 620) er ein opera i to akter frå 1791, komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Emanuel Schikaneder. Verket er i Singspiel-form.
[endre] Framføringshistorie
Tryllefløyta vart fyrste gongen framført den 30. september 1791 ved Freihaus-Theater auf der Wieden i Wien[1]. Mozart leidde orkesteret,[2] Schikaneder song sjølv rolla som Papageno, medan Nattdronninga vart sungen av Josepha Hofer, Mozarts svigersyster.
Verket fekk lunken mottaking dei fyrste førestellingane, men gradvis betra stoda seg. I november 1792 vart operaen framført for 100. gong. Mozart fekk ikkje sjølv oppleve denne milepælen, sidan han døydde den 5. desember 1791, knappe to månader etter premièren.
I dag er Tryllefløyta eit av dei mest populære verka i operarepertoaret.
[endre] Bakgrunn
Tryllefløyta er kulmineringa av ein periode med auka engasjement frå Mozarts side i Schikaneders teatertrupp, som sidan 1789 hadde halde til ved Theater auf der Wieden. Mozart var nær ven av ein av medlemmene av truppen, tenoren Benedikt Schack (den fyrste til å syngje rolla som Tamino), og han hadde medverka til truppens komposisjonar. Det var ikkje uvanleg at desse komposisjonane vart skrivne i fellesskap. Ein slik komposisjon er operaen Der Stein der Weisen frå 1790, der Mozart skreiv duetten "Nun liebes Weibchen," K. 625/592a) og kan hende også andre stykke. Som Tryllefløyta er Der Stein der Weisen ein eventyropera, rollene liknar på dei i Tryllefløyta, og mange av songarane som tok del ved premieren av Tryllefløyta tok òg del ved framføringa av Der Stein der Weisen. [3]
Tryllefløyta har klåre element av frimurar-symbolikk; både Schikaneder og Mozart var medlemmer av same frimurarlosjen. Operaen er òg påverka av opplysningsfilosofi, og kan sjåast på som ein allegori til støtte for opplyst einevelde. Nattdronninga representerer irrasjonel-diabolsk obskurantisme, medan antagonisten Sarastro symboliserer den miskunnsame herskaren som styrer med faderleg visdom og innsikt.
Det er tydeleg at Mozart tilpassa rollene til dugleiken åt songarane. Truppen inneheldt både virtuose røyster og vanlege komedieskodespelarar som vart bedne om å syngje for høvet. Dette ser me til dømes i at melodiane til buffo-figurane Papageno og Monostatos ofte først vert spelte av strykarane. På den måten kunne skodespelarane som skulle gestalte desse rollene lettare finne innsatsane sine og tonehøgda. På den andre enden av skalaen har ein Nattdronninga; virtuositeten i hennar musikk er legendarisk i operaverda. I ensemblepartia kombinerte Mozart desse vidt ulike songartypene på ein unik måte.
Båe ariane til Nattdronninga, "Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen" såvel som "O zittre nicht, mein lieber Sohn" vert rekna som noko av det mest krevjande ein koloratursopran kan gje seg i kast med. Dette fordi ariane fordrar ei røyst med dramatisk nerve, men samstundes med ei særs lys og lett høgde. I andre enden av registeret har me Sarastro, som fleire gonger syng ein djup F.
Sjølv om kvinnerollene i operaen er skrivne for ulike typer røyster, ulike røystfag, vart alle kalla sopran på programbladet for premièren. [4]