Tromsdalen kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsdalen kyrkje | ||
Tromsdalen (2005) Foto: Lukas Riebling |
||
Generelt | ||
Sokn: | Tromsøysund | |
Innvigd: | 19. november 1965 | |
Arkitektur | ||
Arkitekt: | Jan Inge Hovig | |
Materiale: | plasstøypt armert betong | |
Kyrkjerommet | ||
Plassar: | 720 | |
Tromsdalen kyrkje på Commons |
Tromsdalen kyrkje - òg kalla Ishavskatedralen er ei kyrkje i Tromsøysund sokn i Tromsø domprosti.
Namnet Ishavskatedralen har kyrkja etter si karakteristiske form; forma og dei lyse felta gjev assosiasjonar til isfjell. Kyrkja, som vart vigsla i 1965, ligg på fastlandet utanfor ishavsbyen Tromsø, godt synleg frå Tromsøya, dei store boligfelta i Tromsdalen, med båt, og med bil til eller fra byen.
Ishavskatedralen er både ein turistattraksjon og eit symbol og landemerke for Tromsø.
[endre] Historie
Den første kyrkjeforeininga starta på 1920-talet arbeidet for å få reist ei kyrkje i Tromsøsundet. 7. november 1955 vedtok Tromsøysund formannskap at eigedommen «Sofiero» skulle bli kyrkjetomt. Ein plankomité bestemte at kyrkjebygget skulle gje plass til gravkapell og forsamlingssal. Sommaren 1957 kom det første planutkastet frå arkitekt Jan Inge Hovig. Revidert kyrkjeplan kom 8. februar 1960. Endeleg vedtak om bygging etter denne planen ble gjeve ved kgl. resolusjon 9. november 1962. Byggearbeida vart påbegynt 1. april 1964. Kyrkja vart vigsla av biskop Monrad Norderval den 19. desember 1965.
Forpartiet mot vest er 35 meter høgt. På langsidene er taket bygd av betongskiver som strekkjer seg heilt ned til bakken og flatane er kledde med brennlakkerte, perlegrå aluminiumsplater. Lysrør ved vindauga kastar lys på flatane utvendig, samtidig som dei lyser opp inne i kyrkja.
Kyrkja har ei grunnflate på 900 kvm. med sitjeplass til 720 menneske. Kjellerplanet har ei grunnflate på 1020 kvm. Gravkapellet er bygd om til undervisningssal.
[endre] Orgelet
Det nye orgelet med 3 manualar og 42 stemmer vart innvigd under 40-års jubileet for kyrkja 17.desember 2005. Det gamle orgelet frå 1965 var ikkje funksjonelt og heldt ikkje lenger moderne krav..
Soknerådet i Tromsøysund gav etter oppdraget om å lage eit nytt orgel til svenske Grønlund orgelbyggeri. Orgelet har eit moderne kombinasjonssystem, kapasitet inntil trestroken c, karakteristiske røyrstemmer, ein 32- fot i pedalen og ein fransk-symfonisk stil som gjer orgelet til eit attraktivt instrument, både under kyrkjelege handlingar og konsertar.