See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Trollhummarar - Wikipedia

Trollhummarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trollhummarar
Galathea strigosa
Krinakrabben er vanleg langs norskekysten nord til Troms.
Systematikk
Rekke: Arthropoda
Underrekke: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Infraorden: Anomura
Familie: Galatheidae
Vitskapleg namn
Galatheidae
Samouelle, 1819

Trollhummarar (Galatheidae) er ein familie krepsdyr med særs lange klør. Trass i namnet er dei ikkje i særleg nær slekt med hummarfamilien; dei tilhøyrer anomurene og er såleis nærskylde eremittkrepsar og trollkrabbar. I norske farvatn førekjem fleire artar, m.a. 5 i slekta Galathea.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Trollhummarar har vanlegvis relativt flate kroppar med brei og fura hale. Ryggskjoldet er som regel ovalt, med eit framtredande og spisst pannehorn. Dei har stor halevifte som vanlegvis er bøygd opp under cephalothorax og stundom vert nytta til symjing. Det første paret gangbein er sterkt forlenga (ofte lenger enn sjølve kroppen) og er utstyrt med eit par lange klør. Som regel er det femte paret gangbein gøymd under ryggskjoldet i gjellekammeret, noko som gjer at trollhummarar kan sjå ut som dei berre har åtte gangbein.

Dei største trollhummar-artane kan bli ca 15 cm lange, men dei fleste av dei er mindre.

[endre] Levesett

Trollhummarar finst både på ganske grunt vatn og ned til over 600 m djupn. Dei finst under mange slags botntilhøve, ein del av artane er kaldtvasskorallrevartar. Ein trudde lenge at trollhummarane fanga byttet sitt frå bakhold i holer med dei lange klørne sine, men nyare observasjonar har vist at dei kan bruka dei til å fanga fisk som sym forbi reva dei står på.

[endre] Mat

Det vert ikkje drive aktiv fangst av trollhummarar, men krinakrabben (Galathea strigosa) vert ofte teken som bifangst i krabbe- og hummarteiner. Smaken skal vera god.

[endre] Referansar

  • Frank Emil Moen & Erling Svendsen: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Tysk og engelsk wikipedia
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -