See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Trichoplax adhaerens - Wikipedia

Trichoplax adhaerens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trichoplax adhaerens

Trichoplax
Trichoplax adhaerens

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Placozoa Grell, 1971
Klasse: Trichoplacoidea
Orden: Trichoplacida
Familie: Trichoplacidae
Slekt: Trichoplax
Vitskapleg namn
Trichoplax adhaerens
F.E vom Schultze, 1883

Trichoplax adhaerens er eit lite, særs primitivt dyr som førekjem i marine botnsubstrat over heile verda. Arten manglar symmetri og består av nokre få tusen celler. Cellene er ikkje vidare differensiert utover eit skilje mellom over- og undersida, og er vanlegvis mellom 0,5 og 3 millimeter i diameter.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Kroppsplanet til Trichoplax er enkelt; han består av to celleplater med eit holrom mesenkymet i mellom. Cellene i det øvste laget er avflata og bèr eit flimmerhår kvar. I tillegg inneheldt dei små dropar med olje. Det nedste laget har òg eit flimmerhår per celle, men cellene her er meir sylindriske og manglar olje. Dei kan dessutan danna små innsnøringar for å ta opp det ekstracellulære materialet dyra lever av.

Mellom «rygg»- og «buk»-laga har Trichoplax eit mesenkym med amøbe-liknande celler som flyttar seg rundt i ein geleaktig støttestruktur.

[endre] Levesett

Trichoplax brukar flimmerhåra på buken til å krypa over underlaget, på same måte som tøffeldyr og mange flatmakk. På same måte som amøbar kan dei dessutan til ein viss grad flytta på seg ved å endra kroppsform. Små individ kan i tillegg symja.

Dei tek opp mat gjennom fagocytose, det vil seie at einskildcellene lukkar seg rundt partiklar og bryt dei ned individuelt. Føda deira er hovudsakeleg organisk detritus, mikroalgar, protozoar og bakteriar. Næringa dei tek opp vert sannsynlegvis transportert rundt i kroppen via mesenkymet.

Trichoplax
Trichoplax

Trichoplax formeirar seg både aseksuelt og kjønna. Egga utviklar seg i mesenkymlaget, men me veit ikkje korleis dei vert danna. Kromosoma deira er særs små og inneheldt lite informasjon.

[endre] Evolusjon

Trichoplax er eit særs primitivt dyr, og det har vorte spekulert ein del i kvar ein skal plassera dei systematisk. Grell (1982) meinar dei ulike cellene i det øvste og det nedste laget tilsvarar dei endo- og ektoderme cellelaga me finn hjå dei fleste fleircella dyr unnteke svampar. Dette vil plassera gruppa mellom svampar og nesledyr i stamtreet til dyreriket. Undersøkingar med mitokondrielt DNA (Dellaporta et al, 2006) støttar òg dette synet.

[endre] Kjelder

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2003


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -