See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Tresking - Wikipedia

Tresking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fig. 1 Tresking av korn i antikkens Egypt.
Fig. 1 Tresking av korn i antikkens Egypt.
Fig. 2 Treskeslede.
Fig. 2 Treskeslede.
Fig. 3 Tresking med treskeslede i Heliopolis i 1884.
Fig. 3 Tresking med treskeslede i Heliopolis i 1884.
Fig. 4 Tresking med slegel.
Fig. 4 Tresking med slegel.
Fig. 5 Slegel.
Fig. 5 Slegel.
Skjedde
Skjedde

Tresking er arbeidet med å skilja kjernene frå kornaksa. Opp gjennom tidene har mange ulike metodar vorte nytta for å utføra denne operasjonen.

Innhaldsliste

[endre] Tidlege metodar

Den fyrste treskemetoden var å gru laus kjernene på viltveksande korn mellom hendene. Truleg vart denne metoden nytta i lang tid.

Då jordbruket kom i gang vart avlingane så store at ein tok til å sjå seg om etter meir effektive metodar. Å legga kornet utover og trampa ut kjernane med føtene, eller å slå ein bunt med aks mot ein stein eller treramme vart òg nytta. Desse metodane er framleis i bruk nokre plassar. Å nytta storfe og esel til å trampa laus kjernane, som illustrert i Fig. 1, var eit tidleg steg i utviklinga av meir effektive treskemetodar.

[endre] Treskesledar

Neste trinn i utviklinga var truleg bruk av treskesledar, Fig. 2. Dette gjekk føre seg ved at kornet vart lagt ut på ei treskeplate, som kunne vera ei steinsett flate, eller eit torg. Tunge treskesledar vart så dregne over kornet av storfe, for å gni laus kjernane. Sume sledane hadde stein på undersida [1]. Det er funne arkeologiske prov, i form av sumerisk kileskrift, på at treskesledar vart nytta av Sumerane for omlag 5000 år sidan, men arkeologar meiner no at treskesledar kan stamma heilt frå neolitisk tid [2]. Etter at kjernene var skilde frå halmen måtte halmen fjernast, samtidig som kjerner vart rista ut. Deretter vart kjerner, agner og halmrestar sopa saman og tekne vare på. Agner og halmrestar måtte så reinskast i ein eigen arbeidsprosess. Å nytta storfe førte til at kornet kunne verta utsett for møkk og andre ureinheiter, så det var naudsynt å reinska det godt. Nokre stader rundt Middelhavet var treskesledar i bruk heilt fram til 1960-talet [3] og Fig. 3.

[endre] Manuell tresking

[endre] Med slegel

I Norden var kornet treska men med slegel heilt fram til det i siste halvdelen av 1800-talet kom treskeverk. I byrjinga var det berre kornbygdene i Trøndelag og på Austlandet som hadde nok areal til at det var økonomisk å investere i treskeverk. På dei mindre bruka på Vestlandet og i Nord-Noreg vart det treska med slegel til langt inn på 1900-talet. Fig. 3 syner eit nærbilete av ei slegel.

Å treska med slegel var tungt arbeid, som ofte vart utført utover hausten, eller gjennom heile vinteren. Tresking har oftast vore mannsarbeid. Men i Nord-Noreg, der mennene i stor grad deiv fiske, var det eit vanleg kvinnearbeid.

Slegel er kjent under mange andre namn, på forskjellige dialektar. På nordmøring vart dei kalla sloå, medan slegel, sloge, sliul og tust vart nytta på andre dialektar.

[endre] Med skjedde

På Vestlande har det og vore bruk å skjede kornet. Ei skjedde er ein reiskap av tre. Den har eit handtak og eit blad med grove tenner. Kornbandet vart hald med eine hand, og så slo ein kjernane av med skjedda.

[endre] Skrøfting

På Austlandet vart noko av kornet skrøfta. Då heldt ein kornbandet i rot og slo det mot ein vegg eller ein skarp kant. I Finland og i Sverige har skrøfting vorte brukt meir enn i Noreg. Det har særleg vore rug som har vorte skrøfta. Andre kornslag vart og skrøfta om ein ville fare varsamt med halmen, til dømes når han skulle nyttast til sengehalm. Denne metoden vert framleis nytta i nokre land i Asia.

[endre] Mekanisk tresking

1700-talet vart det utført eksperiment med å nytta hestar og vasskraft for tresking. Ein metode gjekk ut på å legga kornet ut på ein plant underlag (ei treskeplate eller eit låvegolv) og så kjøyra tunge vogner over halmen, for å gni kjernane lause frå halmen. Slike vogner kunne ha ulik utforming. Nokre hadde tunge jarnhjul, andre hadde tunge trerullar med pinnar [4]. I 1754 foreslo svensken Trozellius å nytta fire koniske valsar, festa på ei roterande ramme, som vart dregen av ei hestevandring, eit vasshjul, eller ei vindmølle [4].

[endre] Treskeverk

I 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskeverk [4], med ein roterande slagsylinder og underliggande slagbru. Maskina til Meikle vert rekna som det fyrste brukbare treskeverket. Denne maskina vart kopiert og forbetra og frå rundt 1800 vart det bygd treskemaskiner på mange storgardar. Utviklinga skaut fart etter 1850 og i siste halvdelen av 1800-talet vart det vanleg med treskeverk i kornbygdene i Noreg. Flyttbare treskeverk var i bruk fram til rundt 1950 før dei vart fortrengte av skurtreskarane.

[endre] Skurtreskarar

Dei fyrste eksperimenta med hestedregne skurtreskarar tok til i USA litt før 1830, men det var fyrst mot slutten av 1800-talet at dei vart teke i bruk i stor måkestokk og da fyrst og fremst på storgardane i California. Etter kvart var hestane skifta ut med damptraktorar og etter 1910 med traktorar med forbrenningsmotor. Sjølv om det vart bygt nokre sjølvgåande skurtreskarar med dampmaskin (den fyrste i 1888 fekk dei ikkje noka utbreiing for Massy-Harris i 1941 marknadsførte den fyste sjølvgåande skurtreskaren med forbrenningsmotor. Den fyrste europeiske sjøjvgåande skurtreskareb vart laga av Bolinder-Munktell i 1951. På 1960-talet vart slepetreskarane utkonkurerte av sjølvgåande skurtreskarar]].

[endre] Referansar

  1. Rasmussen, C., Threshing Sledge (Detail), Holy Land Photos, 2008.
  2. Anderson, P.C., The threshing sledge and its products: relationship to early agricultural societies, Proc. 9. Neolitic seminar - The Neolithization of Eurasia - Reflections in Archaeology and Archaeogenetics, Ljubljana, 28/11 - 1/12 2002.
  3. Toumazou, M.K. et al., Interdisciplinary Research in Central Cyprus: The 1995 Season of the Athienou Archaeological Project, World Archaeology Newsletter, Utg. 20, Nr. 1, 1996, ss. 1-8.
  4. 4,0 4,1 4,2 , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -