Tovengjer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tovengjer |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Neoptera | |
Orden: | Diptera | |
Vitskapleg namn | ||
Diptera |
Tovengjer (Diptera) er ein stor orden insekt som mellom anna består av mygg, knott og ymse fluger. Det er beskrive omkring 151 000 artar på verdsbasis, kor 2749 er registrerte i Noreg. For denne gruppa er det verdt å merka seg at mørketala sannsynlegvis er enorme - ein reknar med at det på verdsbasis førekjem minst 200 000 artar.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Tovengjene har fått namnet sitt fordi det eine vengjeparet deira er særs tilbakedanna. Framvengjene er store og membranøse og nyttast til å fly med, medan dei bakerste er redusert til eit par såkalla køllevengjer; balanseorgan dyra nyttar til å stabilisera seg med i lufta når dei flyg.
Hovudet er stort og rørleg med digre fasettaugo. Munndelane er som regel tilpassa ein eller form for væskeopptak, det vera seg blod (som i mygg), ymse næringspartiklar blanda med spytt (som i mange fluger), saft eller nektar.
Bakkroppane til tovengjene er ofte reduserte i nokon grad, det vil seie at somme av dei opphavleg 11 segmenta har falle bort eller smelta saman. Hoer har ofte omdanna somme av dei til eit eggleggingsrøyr.
Larvane manglar ekte bein, men har ofte tilsvarande strukturar som forsvinn i løpet av puppestadiet.
[endre] Økologi
Tovengjene er ei enorm gruppe dyktige flygarar med særs godt syn. Ein finn representantar frå gruppa om lag overalt i heile verda, bortsett frå i det opne havet, og på dei fleste trofiske nivå. Somme av artane er i stand til å trivast i særs tøffe miljø, til dømes i små oljekjelder, varme kjelder, saltsjøer og grunt vatn i havet.
Sidan gruppa er så talrik og så vidt utbreidd, er ho særs økonomisk viktig for menneske. Dei er viktige berarar av ei rekkje sjukdommar, til dømes sovesjuke, malaria og gulfeber, og er ved mange høve forferdelege skadedyr i landbruket. Husdyr har rett som det er problem med å bli infisert av tovengjelarvar allereie før dei døyr. Andre artar er økologisk gunstige, sidan dei er viktige pollinatorar, eller parasittar og predatorar på skadedyr.
[endre] Evolusjon og systematikk
Tovengjene er særs avanserte insekt reint evolusjonshistorisk, det vil seie at dei er særs ulike stamfedrane sine. Ein tenkjer seg ofte at dei stammar frå gruppa Mecoptera (skorpionfluger) eller ei nærskyld gruppe. Dei første moderne utsjåande tovengjene dukka opp i midten av triasperioda, og dei vart fort vanleg utbreidde.
Ein delar vanlegvis tovengjer i to underordenar: Nematocera, som stort sett består av ymse mygg og knott, og Brachycera, som består av dei artane me vanlegvis kallar ekte fluger. Ein reknar med at Nematocera er parafyletisk, og at Brachycera oppsto som ein del av gruppa.
Ein har klassifisert 218 familiar av tovengjer, 43 av desse er utdøydde.
[endre] Kjelder
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002
- Norsk Entomologisk Forening
- Engelsk wikipedia