See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Torvløysa - Wikipedia

Torvløysa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torvløysa
Høgd over havet 1851 moh
Ligg i/på Norddal (Møre og Romsdal)
Primærfaktor 700 m

Torvløysa er eit fjell i Norddal kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1851 meter over havet og er det 358. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Torvløysa ligg i bygda Norddalen (Dalsbygda) mellom Storvatnet i fjelldalen Dyrdalen og Herdalssætra. Toppunktet ligg på ein flat kuppel med bratte sider mot Kupebreen i sør, Fursetdalsbreen i nordaust og Storvatnet i vest. Mot nord og aust er terrenget slakare. Frå Dalsvika utanfor Norddalen og frå nordsida av Norddalsfjorden ser fjellet ut som ein mektig koloss høgare enn fjella rundt seg, med brear framom og oftast ei snøkrune på toppen. Toppområdet er dekt av til dels store steinblokker. Vanlegvis vert det snøbert i løpet av juni månad.

Torvløysa er eit mykje brukt turmål både til fots og på ski. Før det kom bilveg til Rellingsætra, vart det vanleg å gå frå fremste garden i byda. Derifrå er det over 1700 høgdemeter til topps. I dag går turen like ofte via Dyrdalen som Herdalen. I begge tilfella har ein meir enn 1300 høgdemeter å tilbakeleggje før ein når toppunktet.

På Torvløysa er det påvist soter i opptil 1640 moh. og mindre enn ein kilometer frå toppen. Desse sotene, brukt av jegerar under reinsjag, kan vere 7-8000 år gamle. Truleg var ein namnlaus reinsjegar den fyrste som stod på toppen. Den eldste skrivne kjelda vedkomande bestigning av Torvløysa har ein i observasjonsboka til Fredrik Sejersted. 17. august 1866 føretok han sine målingar for Norges Geografiske Oppmåling.

[endre] Kjelde

Ivar Grønningsæter: Torvløysa i Årbok for Sunnmøre 2006

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -