Tobol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tobol | ||
Utspring | Uralfjella | |
Munning | Irtysj | |
Land i nedslagsfelt | Kasakhstan og Russland | |
Lengd | 1 591 km | |
Middelvassføring | 805 m³/s | |
Nedslagsfelt | 426 000 km² |
Tobol (kasakhisk Тобыл, Tobyl; russisk Тобол, Tobol) er ei elv i Kasakhstan og Kurgan og Tjumen oblast i Russland. Ho renn frå Uralfjella og munnar ut i Irtysj som ei av sideelvane frå venstre. Tobol er 1 591 km lang og har eit nedslagsfelt på 426 000 km². Dei nedre delane av elva frys til seint i oktober eller november og tinar opp att i april eller tidleg i mai. Tobol er farbar frå elvemunningen og 437 km oppover.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Tobol var ein av fire viktige elvar i Det sibirske khanatet. I 1428 vart khanen drepe i eit slag mot styrkane til Abu'l-Khayr Khan.[1]
[endre] Byar ved Tobol
[endre] Størst sideelvar
- Uj
- Iset
- Tura
- Tavda
- Ubagan
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tobol River» frå Engelsk Wikipedia, den 14. januar 2008.