Thomas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas eller Tomas er et mannsnavn av arameisk opphav. Namnet תום eller Tôm tyder tvilling og var vanleg over store deler av Midtausten på den tida Jesus levde. Derfor var det ikkje uventa at ein av læresveinane hans skulle ha dette namnet, og at det skulle spreia seg med kristendommen.
Det er 21 684 som heiter Thomas i Noreg og berre 1 966 som heiter Tomas. Derimot er kortforma Tom mykje meir vanleg enn Thom.
Thomas har namnedag den 21. desember.
Thomas er òg eit vanleg etternamn i engelsktalande land, særleg blant dei som er walisisk-ætta.
[endre] Kjende namneberarar
- Apostelen Thomas
- Thomas Alsgaard, norsk skiløpar
- Thomas Alva Edison, amerikansk oppfinnar
- Thomas Aquinas, kristen teolog
- Thomas Jefferson, amerikansk president
- Thomas à Kempis, kristen mystikar
- Thomas Klestil austerriksk president
- Thomas Mann forfattar
- Thomas Remengesau, president av Palau
- Thomas Rusiak svensk rap-artist
[endre] Kjende personar med Thomas til etternamn
- Dylan Thomas, walisisk diktar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Thomas hjå Statistisk Sentralbyrå