See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Thamshavnbanen - Wikipedia

Thamshavnbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrisk lokomotiv nr. 3 frå Thamshavnsbanen. Lokomotivet står no på Gløshaugen i Trondheim, med namnet Ohma Electra. Lokomotivet vart levert av British Westinghouse i 1908
Elektrisk lokomotiv nr. 3 frå Thamshavnsbanen. Lokomotivet står no på Gløshaugen i Trondheim, med namnet Ohma Electra. Lokomotivet vart levert av British Westinghouse i 1908

Thamshavnbanen er ein jarnbane som går frå Løkken Verk til Thamshavn i Sør-Trøndelag fylke. Jarnvegen var i drift frå 1908 til 1974. Strekninga Løkken Verk–Svorkmo vart i 1983 gjenopna som museumsjarnbane og er i dag den eldste jarnbana som går på vekselstraum. I dag går det museumstog til Bårdshaug. Slik er 23 av banen sine opphavlege 25 kilometer teke vare på. Museumsbanen vert driven av Orkla Industrimuseum på Løkken Verk. I museet sitt informasjonssenter er det utstillingar om jarnbaneverksemda, og toga kan køyra direkte til og frå utstillingane.

[endre] Historikk

Banen vart bygd for å frakta malm frå gruvene på Løkken Verk, der ein vann ut koparhaldig svovelkis, og nordover ned Orkladalføret til Orkdalsfjorden. Då banen vart opna i 1908, var det den første elektrisk drivne jarnvegen i Noreg. Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab sto då for drifta. Endestasjonen Thamshavn er no del av Orkanger. Linja ligg i Meldal og Orkdal kommunar. Person- og godstrafikken vart nedlagd i 1963, medan kistoga rulla fram til 1974 Thamshavnbanen er den einaste jarnbana i Noreg som er bygd med 1 000 mm sporvidde, «Meterspor». Dei tre første lokomotiva var mellom dei aller første brukbare lokomotiva i verda for bruk med einfasa vekselstraum. Seinare har einfasa vekselstraum nesten vorte einerådande på elektriske jarbanar. Kjørestraumen med ein frekvens på 25Hz og ei spenning på 6600 V vart transformert ned til mellom 270 til 500 volt. I tillegg kom 110 volt til togvarme og luftkompressoren. Lokomotiva hadde trykkluftbrems frå Westinghouse, og kunne dra togsett på opp til 50 tonn.

[endre] Lenkjer ut

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -