Syndikalisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syndikalisme (også kalla tradeunionisme) er ein retning innan arbeidarrøsla som har som mål at arbeidarklassen skal styra samfunnet gjennom fagforeiningar og at statsmakt i eigentleg forstand skal slutta å eksistera. Ordet kjem av det franske "syndicat" som tyder samanslutning.
Anarkosyndikalisme er ei retning som kombinerer anarkisme og syndikalisme.
Innan den norske Fagopposisjonen (Fagopposisjonen av 1911), der Martin Tranmæl var ein sentral figur, hadde syndikalistiske idear stor innverknad.