Syn og Segn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som handlar om politikk, litteratur og samfunn. Det kjem ut fire gonger i året og er på nynorsk. Det Norske Samlaget er utgjevar, medan bladet får støtte frå Norsk kulturfond og stiftinga Fritt Ord.
Tidsskriftet vart grunnlagt i 1894 av Arne Garborg. Seinare redaktørar har mellom anna vore Moltke Moe, Halvdan Koht, Olav Midttun og Berge Furre. Bladet fekk dei første kvinnelege redaktørane sine i 1980, Astrid Brekken og Sigrid Strand, og har fortsett etter ei slik linje, med Hilde Sandvik og Teresa Grøtan som redaktørar i 2005.
Bladet er i hovudsak eit abonnementsblad, men finst òg i nokre Narvesenkioskar og bokhandlar i dei store byane. Bladet er òg tilgjengeleg i bibliotek i store delar av landet.