See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Svartbak - Wikipedia

Svartbak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Svartbak
Svartbak
Systematikk
Rike: Animalia
Rekke: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridæ
Slekt: Larus
Art: L. marinus

Svartbak (Larus marinus) er ein fugl frå måsefamilien. Han vert ogso kalla for havmåse; i Nord-Noreg vert han gjerne kalla stormåse, eit namn som òg kan omfatte gråmåsen. Arten er jaktbar.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Svartbaken er den største av måsane med si lengd på 70 cm og vekt på omlag 1,5 kg. Både hann- og hofuglen er svært like. Dei vaksne fuglane har gråsvart/svart overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt.

Viktige fluktkjenneteikt er dei kvite vengespissande. I flukt virker dei svarte vengene breiare og ikkje så spisse.

I vinterdrakt har hovud og hals brune strekflekker. Ungfuglane kan likne på gråmåsa, men den kvite undersida er mindre flekkete hjå svartbaken. Den brunspraglete oversida er meir kontrastrik.

Forvekslingsart Fuglen liknar mykje på sildemåse, men er mykje større, medan beina er gråaktige og kjøttfarga, ikkje gule. Ungfuglar er vanskelege å sjå forskjell på.

[endre] Hekking

Svartbaken ruger langs det meste av norskekysten. Han ruger i spredte par eller i koloniar, og har nokså stort reir av strå, tang og mose. Svartbaken legg 3–4 egg i april til mai. Egga er mykje større enn eit vanleg måseegg. Dei er lys gråbrune med svakt grønaktig skjær og med mørkebrune og gråfiolette flekkar.

Ungane er flygedyktige 45–50 dagar gamle, men dei forlet reiret rett etter dei kjem ut av egget. Han er vaksen etter fire år. Stemma er mørk og grov.

[endre] Levevis

Svartbaken er ofte på tokt der han tek både egg og fugleungar. Dei et og mindre sjødyr, smågnagarar, åtsel og avfall. Mange overvintrar, andre reiser i august til vest-Europa.

Som vaksen har ikkje fuglen noko særleg til fiendar, men ungane kan takast av både rev og rovfugl.

[endre] Utbreiing

Svartbaken finst langs heile norskekysten og noko meir sjeldan ved ferskvatn i innlandet.

Ein finn han ofte ilag med flokkar av storskarv. Han et ein del av det skarven gulpar opp.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Svartbak


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -