See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sunndalsøra - Wikipedia

Sunndalsøra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunndalsøra er kommunesenteret i Sunndal kommune, ein tettstad med om lag 4500 innbyggjarar.

Sunndaløra var berre nokre få hus nedmed fjøra og mellom dei bratte fjella inst i Sunndalsfjorden før aluminiumsverket, som kom i drift frå 1954.

Da kom det folk frå store delar av landet til staden for å arbeide og busetje seg der.

Det utvikla seg ein nokså særmerkt tettstadskultur på Sunndalsøra, folkeleg og prega av arbeidarklassen og sosialdemokratiske likskapsideal og offentleg styring av utviklinga. Truleg er Sunndalsøra den tettstaden i Noreg som har største delen av bustadmassen sin i bustadsamvirket, med både blokker, rekkjehus og jamvel nokre einebustader innan kooperasjonen.

Dialekta på Sunndalsøra er nordmørsk, og har mellom anna kløyvd infinitiv, men skil seg som eit typisk bymål ut frå dialektene omkring ved ei kraftig forenkling av grammatikken og ordbøyingane.

Sidan aluminiumsverket i 2004 var ferdig modernisert og no er det største og mest moderne i Europa, er framtida til tettstaden og kommunen sikrare enn det ein frykta for få år tilbake. Forureininga frå aluminiumsverket er òg berre ein brøkdel av det ho var, og Sunndalsøra framstår idag som ein rein og vel utbygd småby som har dei fleste tilbod folk treng. Attåt aluminiumsverket og forskingsmiljøet der, har Sunndalsøra eit avansert forskingsmiljø når det gjeld akvakultur og ein vidaregåande skule med høg kvalitet og mange studieretningar.

Folket i Sunndal kommune stemte nei til at Sunndalsøra offisielt skulle bli ein by ved ei lokal folkerøysting i 1999.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -