Sue Monk Kidd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sue Monk Kidd (f. 12. august 1948) er ein amerikansk forfattar som er best kjend for romanen The Secret Life of Bees (på norsk Bienes hemmelige liv) som ho gav ut i 2002.
Innhaldsliste |
[endre] Oppvekst og utdanning
Sue Monk Kidd vart fødd i Sylvester i Georgia, og vart uteksaminert frå Texas Christian University som sjukepleiar i 1970. Etter eksamen arbeidde ho som sjukepleiar og sjukepleielærar.
[endre] Starten på forfattarkarriæren
Ho starta som skribent etter at eit essay ho skreiv i ein skriveklasse, vart utgjeve i magasinet Guideposts, og etterpå trykt oppatt i Reader's Digest (Det Beste). Ho heldt fram med å skriva for Guideposts.
[endre] Skrivestil
Dei første bøkene hennar, God’s Joyful Surprise (1988) og When the Heart Waits (1990), er andelege sjølvbiografiske forteljingar der ho fortel om korleis ho opplever kontemplativ kristendom. The Dance of the Dissident Daughter (1996) tek opp tema frå feministisk teologi.
Ho brukte tre og eit halvt år på å skriva den første romanen sin, The Secret Life of Bees. Den andre romanen, The Mermaid Chair (på norsk Havfruestolen), vart utgjeven i 2005.
Sue Monk Kidd har sagt seg påverka av Henry David Thoreau, Kate Chopin, Thomas Merton og Carl Jung.
Ho bur no i Charleston i South Carolina, saman med ektefellen og to born.
[endre] Norske omsetjingar
- Bienes hemmelige liv (Bazar 2005) ISBN 978-82-8087-019-3 (8280870199) (Finnst òg som lydbok, ISBN 978-82-02-25486-5 (8202254868))
- Havfruestolen (Bazar 2006) ISBN 978-82-8087-113-8 (8280871136)