Stromboli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stromboli | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 924 moh | |
Ligg i/på | Dei eoliske øyane i Italia | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Fjelltype | Stratovulkan | |
Siste utbrot | 27. februar 2007 | |
Lettaste rute | Til fots |
Stromboli er ei lita vulkansk øy i Tyrrenhavet, utafor kysten av Sicilia. Ho inneheld ein av tre aktive vulkanar i Italia. Øya høyrer til øygruppa Dei eoliske øyane, ein vukanboge nord for Sicilia. Namnet på øya er ei forvrenging av det opphavlege greske namnet Στρογγύλη (Stroggúli), som ho fekk på grunn av den runde, svulmande forma. Øya har i dag mellom 400 og 750 innbyggjarar.
Stromboli er 924 meter på det høgaste, men stig faktisk over 2 000 meter frå djuphavsbotn. Det er tre aktive krater på toppen. Eit geologisk kjennmerke til vulkanen er Sciara del Fuoco («Eldstraumen»), som er ein stor hesteskoforma søkk som er skapt av fleire kollapsar dei siste 13 000 åra på nordvestsida av kjegla.
Vulkanen er uvanleg på grunn av den lange tida han nesten kontinuerleg har hatt utbrot. Dei siste 2000 åra har vulkanen hatt det same utbrotsmønsteret, der ein har eksplosjonar på toppen med små til moderate utbrot av glødande vulkanske bomber med intervall frå minutt til timar. Dette karakteristiske stromboliske utbrotet, som det vert kalla, vert òg observert hos andre vulkanar andre stader i verda. Utbrot frå kratera på toppen varer vanlegvis berre nokre sekund med små utbrot av oske, glødande lavafragmentar og steinar opp til eit par hundre meter opp i lufta. Stromboli sine utbrot er nesten berre eksplosive, men ein har hatt tilfelle med lavastraum. Eit slikt tilfelle hadde ein i 2002 for første gong på 17 år, og i februar 2007.
Stundom får vulkanen derimot mykje større utbrot. Det største utbrotet dei siste hundre åra skjedde i 1930 og resulteterte i tap av fleire menneskeliv og bygningar på grunn av fallande vulkanske bomber. Større utbrot skjer med mellomrom på år til tiår, og det siste store utbrotet oppstod i 2002, noko som førte til at øya vart stengd for alle bortsett frå dei fastbuande i fleire månader. Utbrotet starta med lavastraumar (29. desember 2002) langs Sciara del Fuoco-sida som raskt nådde sjøen. 30. desember 2002 kollapsa stein frå Sciara del Fuoco og førte til to jordskred og fleire tsunamiar. Den høgaste bølgja var 10 meter høg og førte til store øydeleggjingar i landsbyen Stromboli. 5. april 2003 førte ein kratig eksplosjon frå krateret på toppen til at stein vart kasta heilt til landsbyen Ginostra og øydela fleire hus. Utbrotet enda i juli 2003.
27. februar 2007 opna to nye krater på øya med lavastraumar ut i sjøen frå eitt av dei. [1]
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunsstoff
- Reiseguide for {{{2}}} frå Wikitravel
- Stromboli.net
- Video av utbrotet i februar 2007
- Video av utbrot 5. april 2006
- areavesuvio.org
- Oppdaterte satelittbilete av Stromboli (kvart 30. min)
- Webkamera frå Strobomboli (kvart 3. min)
- Webkamera frå Strobomboli (kvart 15. min)
- Satelittbilete av Stromboli
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Stromboli frå Engelsk Wikipedia .