Strokkenesbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strokkenesbrua | ||
Strokkenesbrua Foto: Sigmund Pettersen |
||
Transporterar | 851 | |
Kryssar | Strokken | |
Stad | Salangen | |
Total lengd | ca. 80 m. | |
Opna | 1986 | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Strokkenesbrua er ei omlag 80 meter lang vegbru på riksveg 851 i Salangen kommune i Troms. Brua kryssar elva Strokken mellom Øvervatnet og Nervatnet. Elva har eit fall på berre ein meter. Brua vart bygd i 1986 og er den tredje i rekka. Den fyrste vart bygd i 1879 og den andre i 1934. I dag er det berre den nye brua som står, men ein kan sjå brukar etter dei eldre bruene på begge sidene av elva.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Strokkenesbrua» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.