Strofe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strofe vert i lyrikken brukt om ei samling av vers som vert knytt ilag. Ofte grupperar strofene seg i like eller tilnærma like mønster gjennom heile diktet. Om strofene vert gruppert systematisk og regelmessig slik, kallar vi diktet strofisk. Strofe vert også nytta nokså fritt om avsnitt eller om enkelte delar av dikt som er tilnærma like seg i mellom.
Døme på strofer:
- "Ord over grind" av Haldis Moren Vesaas
- Du går fram til mi inste grind,
- og eg går og fram til di.
- Innanfor den er kvar av oss einsam,
- og det skal vi alltid bli.
- Aldri trenge seg lenger fram,
- var lova som galdt oss to.
- anten vi møttest tidt eller sjeldan
- var møtet tillit og ro.
- Står du der ikkje ein dag eg kjem
- fell det meg lett å snu
- når eg har stått litt og sett mot huset
- og tenkt på at der bur du.
Utsnittet av dette diktet består av 3 strofer, og kvar av desse består så av 4 vers.