Stormsvalefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stormsvalefamilien |
||
|
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Procellariiformes | |
Familie: | Hydrobatidæ
Mathews, 1912 |
|
Artar i Noreg | ||
|
Stormsvaler er sjøfuglar i familien Hydrobatidæ, og går inn under ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Desse minste av sjøfuglane lever av planktonkrepsdyr og småfisk som dei plukkar opp frå havoverflata, vanlegvis medan dei «vandrar» på overflata. Flukta er blaffrande og somme tider flaggermusaktig.
Stormsvalfamilien har ein kosmopolitisk distribusjon, dei er funne på alle hava. Dei er strengt pelagiske og kjem på land berre for å reprodusere. For dei fleste artane finst det lite kunnskap om åtferd og utbreiing på havet, der kan stormsvalene vere vanskelege å observere og vanskeleg å identifisere. Dei rugar i koloniar på isolerte øyar, viser sterk tendens til å vende att til kolonien og reirplassen kor dei vart fødde. Reirplassen ligg i sprekker eller hóler og alle bortsett frå ein art er nattaktive. Parbanda er livslange og dei deler på ruging og fôring av ungar. I likskap med mange andre artar av sjøfugl har dei lang rugetid, opptil 50 dagar og etter det ca. 70 dagar før ungane er flygeferdig.
Fleire artar av stormsvaler er trua av menneskelege aktivitetar. Ein art, guadalupestormsvale, var tidlegare rekna som utdøydd og maoristormsvala vart gjenoppdaga i 2003. Det sterkaste trugsmålet mot stormsvalene er introduserte artar i hekkekoloniane, særlig pattedyr.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Storm-petrel frå Engelsk Wikipedia .