Stepan Bandera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stepan Bandera (Степан Андрійович Бандера) (1. januar 1909 – 15. oktober 1959) var ein ukrainsk politikar som leidde Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar OUN.
Han vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på den polske innanriksministeren i 1934, men vart sett fri da sovjetiske styrkar tok Lviv frå Polen i 1939. Den 30. juni 1941 vart han med i den ukrainske regjeringa som vart proklamert etter at Nazi-Tyskland hadde invadert Sovjetunionen.
Etter dette vart han sett i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der han sat til 1944, da han vart sett fri for å leie einingar av OUN/UPA.
Grupper frå OUN/UPA held fram med å drive væpna operasjonar mot sovjetiske og polske styresmakter til først på 1950-talet, særleg i Karpatane.
Den 15. oktober 1959 vart Bandera drepen i München i Vest-Tyskland, truleg etter ordre frå KGB.
I 2006 bestemte administrasjonen i Lviv at gravene til mellom andre Stepan Bandera skulle overførast til eit nytt område på gravplassen Lytsjiakivskij som er spesielt tileigna det som blir kalla den ukrainske nasjonale frigjeringskampen.
Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen.