Steinbitfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinbitfamilien |
||
|
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Perciformes | |
Familie: | Anarhichadidae | |
Vitskapleg namn | ||
Anarhichadidae |
Steinbitfamilien (Anarhichadidae) er ein familie piggfinnefisk som består av avlange fisk med kraftig kropp og særleg sterke kjever som òg har gjeve gruppa namnet sitt. Steinbitane er utbreidde nord i Stillehavet og Atlanterhavet. I norske farvatn førekjem tre artar (av totalt fem);gråsteinbit, flekksteinbit og blåsteinbit.
[endre] Kjenneteikn
Steinbitar er store og kraftige fisk med runde hovud og avlang kropp som er delvis flattrykt frå sidene. Ryggfinna går over heile ryggen, og består utelukkande av mjuke finnestrålar. Det er som regel eit kort opphald mellom hale- og ryggfinna hjå dei fleste artane, berre hjå Anarrhichthys ocellatus heng dei saman. Bukfinnene manglar, medan brystfinnene er runde og sit langt framme på hovudet. Dei har harde og skarpe tenner både i kjeften og i svelget.
Dei største steinbitane kan bli opptil 2,5 meter lange. I norske farvatn er maksimallengda rundt 180 cm.
Fiskane i familien er botnlevande, og lever som regel av muslingar, kråkebollar og krabbar som dei nyttar dei kraftige kjevane sine til å knusa. Store eksemplar tek òg mykje fisk.
[endre] Kjelder
- Gjøsæter, Jakob: "Piggfinnefisker" i Norges dyr, Cappelen 1992
- FishBase