See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Stegosaurus - Wikipedia

Stegosaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stegosaurus
Stegosaurus
Teikning av Stegosaurus
Systematikk
Klasse: Reptilia
Overorden: Dinosauria
Orden: Ornitschia
Familie: Stegosauridae
Slekt: Stegosaurus
Vitskapleg namn
Stegosaurus
Marsh, 2005
Artar
  • Stegosaurus armatus
  • Stegosaurus stenops
  • Stegosaurus longispinus

Stegosaurus var ein planteetande dinosaurus som levde mellom 155 og 145 millionar år sidan i juratida i det som er vestlege Nord-Amerika og Europa i dag. På grunn av dei karakteristiske ryggplatene og dei fire piggane på halen høyrer han med mellom dei mest berømte dinosaurane.

[endre] Skildring

Stegosaurus sett i høve til menneske
Stegosaurus sett i høve til menneske

Stegosaurane var gjennomsnittleg 9 m lange og 4 m høge. Vekta er rekna til å ha vore litt over 4,5 tonn. Dei gjekk på fire bein og hadde to radar med vertikale beinplater langs rryggen. Ytst på halen hadde dei òg fire lange piggar som sannsynlegvis vart nytta til forsvar mot kjøtetarar. Frambeina hadde fem tær og var langt kortare enn dei tretåa bakbeina, noko som resulterte i ei uvanleg kroppshaldning.

Sett i forhald til kroppen var hovudet særs lite. Det sat òg særs langt nede på kroppen, noko som har ført til at forskarar meiner Stegosaurus beita på lave plantar i botnsjiktet. Denne teorien vert støtta av at dei framre delane av kjeva mangla tenner og er omdanna til eit hardt nebb. Bak i munnen sat det ei rekkje små, trekanta tyggjetenner.

Hjerna til Stegosaurus var den minste dinosaurhjerna sett i høve til kroppsstorleiken. Storleiken på hjerneskallen har fortalt paleobiologane at hjerna deira ikkje kunne vega meir enn 80 gram. Dette førte til ein ide om at dinosaurar generelt var stokk dumme; noko få paleontologar trur i dag.

[endre] Beinplater

Skjelett av Stegosaurus
Skjelett av Stegosaurus

På ryggen hadde Stegosaurus to radar med beinplater. Kvar av desse besto av 17 osteodermar; hudskjel av same slag ein ser hjå krokodiller og mange øglar i dag. Platene vaks ut or huda til dyret, og var såleis ikkje festa direkte til skjelettet.

Kva funksjon platene har tent til er omstridt. Tidlegare trudde mange dei var meint til forsvar mot predatorar, men dei framstår som for skjøre og dårleg plasserte på dyra til å vera spesielt godt eigna til dette. Ein meir populær teori er at dei var i bruk til å regulera temperaturen til dyret, som segla på Dimetrodon og Spinosaurus eller øyro til elefantar: Platene hadde eit omfattande sett med blodårer gjennom seg, og luft i området rundt dei ville kjølt ned blodet. Denne teorien har vorte kritisert på bakgrunn av stegosauridane sin utviklingshistorie.

Ein tredje teori byggjer på den relativt store storleiken til platene og hevdar dei var til å auka høgda til dyret. Dette kunne vera for å få dyret til å sjå større ut og såleis unngå skremma rovdyr frå å angripa, og/eller for å imponera under kurtise.

[endre] Thagomizarar

Kvart dyr hadde fire opp til ein meter lange piggar, stundom kalla thagomizarar etter ein Gary Larson-vits, ytst på halen sin. Forskarane er ikkje sikre på om dei faktisk vart brukt til våpen eller om dei berre var til pynt, men teikna talar mykje til fordel for det første: Ein studie i 2001 har vist høg frekvens av skadar som kan ha vore støytrelaterte.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -