Statistikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statistikk er vitskapen og praktiseringa av menneskleg kunnskap gjennom bruk av empiriske (observerte) data. Han er bygd på statistisk teori som er ei grein av matematikken. Innanfor statistisk teori er tilfeldige og usikre hendingar utforma ved hjelp av sannsynsteori. Statistisk praksis inkluderar planlegging, summering og tolking av usikre observasjonar. Målet til statistikken er å dra ut den "beste" informasjonen frå tilgjengelege data.