See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Star Trek - Wikipedia

Star Trek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Star Trek er ein TV-serie i Science fiction-sjangeren skapt av Gene Roddenberry i 1966. Den handlar om mannskapet ombord på romskipet Enterprise og reisene deira “to boldly go where no man has gone before”. Originalserien vart stansa i 1969, men fansen nekta å late serien døy. Sidan den gong er det vort produsert fleire seriar og kinofilmar. Seriens skapar, Gene Roddenberry, døydde mens innspelinga av Next Generation-serien var i sin fjerde (kommentar: femte?) sesong.

Innhaldsliste

[endre] Dei ulike seriane (kronologisk)

[endre] Star Trek (Originalserien)

(1966-1969)

Star Trek (The Original Series) (ofte forkorta TOS for "The Original Series") hadde ikkje nokon stor suksess i starten. Det viste seg likevel etter at serien var stansa at Star Trek hadde meget trofaste og engasjerte fans. Fansen som referte til seg sjølv som Trekkies, gjorde det populært med reprisar og skapte ein marknad for seinare seriar og kinofilmar baserte på Roddenberrys verk. Star Trek-historiene blir no anerkjende som ein del av amerikansk kultur, og oppnår stadig meir popularitet internasjonalt, inkludert Noreg. Delvis takka vere lobbyverksemd frå fansen bestemde NASA seg for å kalle ein romferge-prototype for Enterprise.

Mange av episodane i den første serien handlar om møte med vesen langt mektigare enn romskipet og mannskapet ombord. Desse vesna fanst i mange ulike former: avanserte romvesenrasar med psykiske krefter, farlege romvesenmaskinar og, i eit tilfelle, ein gud. Nokre gonger fekk nokon av mannskapet gudaktige eigenskapar etter ei merkeleg ulykke, noko som nesten alltid sette dei sjølve og mannskapet i fare. Ei varsemd i høve til maskinar oppstod, og i mange episodar redda Kaptein James T. Kirk (spela av William Shatner) fremmede kulturar frå undertrykkjing av diktatoriske datamaskinar.

Dei fleste situasjonane løyste seg når vesenet eller maskinen var nær ved å øydeleggje skipet eller gjere mannskapet til slavar — men dei vart til sist redda av Kirk. Hans vanlege strategi var å lure fienden med "deus ex machina", ofte etterfølgd av ein glødende appell til humanistiske verdiar.

[endre] Samfunnet og Star Trek

Star Trek - The Next Generation gav oss mykje meir bakgrunnsinformasjon om Føderasjonen, ein blanda union mellom ulike rasar med hovedbasen på Jorda. Føderasjonen bruker ikkje pengar. Økonomien er basert på prinsippet om overflod, blant anna takka vere replikator-teknologien (gjenstandar - mat, klede, etc. - kan bli produserte av rein energi).

Overfloda fører til at alle får tilfredstilt sine økonomiske behov. Arbeid, kjøp og sal er derfor ikkje nødvendig, og pengar har dermed utspelt si rolle (kan diskuterast). Andre rasar bruker likevel pengar. Ein rase kalla Ferengi (i Thailand ei nedsetjande nemning på vestlege menn) er derimot svært oppteken av pengar.

I Føderasjonen er uønska kjensler som grådighet og sjalusi mykje redusert, siden eigendelar ikkje har nokon verdi utover den sentimentale. Rollefigurar, og særleg Kaptein Jean-Luc Picard, legg ofte ut om korleis folk i Føderasjonen no berre strever med å forbetre seg sjølv og menneskja, ofte følgd av eit spørsmål som "Kva bruker du dagen din til?".

Mange episodar og filmar handlar om ein trussel til "status quo", noko som ofte vert løyst av mannskapet, og ved slutten av episoden er som regel alt tilbake til det normale. På engelsk er denne forma for sjølvstendige episodar refert til som "reset button". Når ein er ferdig med å leike må ein putte alle klossane attende i kassen. Mange TV-seriar har fått sin bane av denne måten å gjere det på. På slutten av Voyager- og Deep Space 9-seriene var denne metoden forlaten til fordel for utviklande episoder. Gene Roddenberry var sjølv glad i dei sjølvstendige episodane, og det at han døde i 1991 (under innspelingane av Next Generation), kan ha vore med å medvirke til at denne metoden vart forlaten.

Roddenberry var ein glødande forkjempar for likheitspolitikk, og brukte ofte TV-seriane til å vise sin visjon for eit framtidssamfunn basert på denne politikken. Originalserien hadde ein framtredande afrikansk-amerikansk kvinne som en del av mannskapet, Nyota Uhura (spela av Nichelle Nichols). Nichols var den første afrikansk-amerikanske kvinne til å inneha ei hovudrolle på amerikansk TV. Whoopie Goldberg (som er med fra andre sesong av Next Generation) har sjølv sagt at en av grunnane til at ho reknar seg som ein trekkie var rollemodellen som Nichols var for henne. Berre 21 år etter at to atombomber vart sleppte over Hiroshima og Nagasaki, hadde Star Trek ein japansk offiser, Hikaru Sulu (George Takei) ombord. I den andre sesongen - kan hende etter klagar frå Sovjet om at det "internasjonale" mannskapet ikkje hadde noen sovjetarar - vart ein russisk rollefigur, Pavel Chekov (Walter Koenig), skriven inn i serien.

Den vulkanske førstestyrmannen, Mr.Spock (Leonard Nimoy) vart først avvist av TV-stasjonen fordi dei frykta at hans vage satanistiske utsjånad ville føre til klagar. Det endte forøvrig med at Mr.Spock vart ein av de mest populære rollefigurane i TV-serien — kan hende på grunn av rollen hans som eit fredeleg, logisk og rolig motstykke til Doktor McCoys glødande, gammeldagse og hissige personlegheit.

Dagens TV-sjåarar vil kanskje se på originalseriens fremstilling av minoriteter og kvinner som gammeldags, men serien var framskrittsvenleg, open og liberal i si tid. Ei av Star Treks meir berømte sider var at det viste det første kysset mellom ein europeisk-amerikansk mann og ei afrikansk-amerikansk kvinne på TV i USA. I ein episode kor tankekontroll vart brukt som unnskyldning til å bryte det tabuet, vart Kaptein Kirk og Uhura tvungne til å utføre det første kysset mellom rasar (episode 67, Platons Stebarn). Serien hadde også en svært mektig romvesenrase, Klingonane, som minna meir om jordens asiatere enn mektige kvite europearar. Det er delte meiningar om dette er eit hint til det raude Kina eller eit forsøk på å oppnå eit balansert syn på etnisitet.


[endre] Star Trek: The Animated Series

(1972-1973)

Star Trek: The Animated Series er ein teiknefilmserie sett i det fiksjonelle Star Trek-universet. Det offisielle namnet på serien var berre Star Trek, men tilføyelsen "The Animated Series" brukes av fansen til å skilje han frå den originale Star Trek-serien (eller Star Trek (The Original Series)).

Serien vart produsert av selskapet Filmation og hadde to sesongar i 1972-1973 som samla utgjer 22 episodar à 30 minutt. Serien viste det meste av den originale besetninga — som også gav røyster til rollefigurane, med unntak av Pavel Chekov (Walter Koenig), som vart erstatta av Løytnant Arex. Arex var en del av ein treføtt rase som hadde tre armar og tre føter.

Ein vona at Star Trek skulle ta i bruk all den fridommen som animasjonar gjev, men budsjettrammene var framleis eit problem, og kvaliteten på animasjonane var dårleg. I det minste gav det moglegheit til eit mykje meir omfattande landskap på framande planetar enn det eit lite studio kunne gje.

Det er verdt å merkje seg at sjølv om Enterprise-skipet var det same som i originalserien, så hadde dette skipet eit holodekk, i likhet med skipet som vart introdusert i The Next Generation-serien.


[endre] Star Trek: The Next Generation

(1987-1994)

I 1987 vart ein ny TV-serie lansert, Star Trek - The Next Generation (forkorta til ST:TNG eller berre TNG), med nytt mannskap og ny handlingstråd. I motsetnad til i originalserien møter mannskapet ombord USS Enterprise NCC 1701-D som regel på andre rasar som er teknologisk jamnbyrdige. Ein god del episodar er uten møte med andre rasar, slik som tidssløyfer, karakterdrama og naturkatastrofar.

Sjølv om mannskapet også i denne serien møter på avanserte rasar, er det mindre triksing og fiendskap ute og går — som regel prøver dei å finne ei fredelig løysing. I nokre tilfelle blir det heile løyst på ein humoristisk måte.

Ein stor forskjell frå originalserien er fokuset på Hoveddirektivet (Prime Directive) som seier at den avanserte Føderasjonen ikkje skal blande seg inn i den teknologiske og moralske utviklinga av andre kulturar. Dette vart ofte brukt i handlinga til å skape moralske konfliktar mellom rollefigurane, og dei måtte vera vitne til rasar i nød som dei var juridisk hindra frå i å hjelpe.

Den største forskjellen mellom TOS og TNG er elles at episodane var historisk knytta til kvarandre. Gjenstandar, fiendar og rollefigurar frå tidlegare episodar kom ofte att, noko som styrka samanhengen mellom episodane. Ein svært viktig rollefigur som gjekk att i heile serien, Q, vart introdusert i den første episoden (Encounter at Farpoint). Han var den mest innflytelsesrike enkeltfienden i heile serien, og var planlagd til å vere det.

Roddenberry vart vedvarende kreditert som Executive Producer for Star Trek: The Next Generation, men innflytelsen hans vart svekka etter som serien vart produsert. Når produsenten Rick Berman kom inn i bildet, vart serien meir aktiv i sin natur og baserte seg meir på action og kriging. Dette vart tydelegare i dei seinare episodane av TNG, og var basis for det vidare plottet i serien.

[endre] Star Trek: Deep Space Nine

(1993-1999)

I 1993 lanserte Paramount Pictures Star Trek - Deep Space 9 (ofte forkorta DS9) som gjekk samtidig med slutten av The Next Generation og dei fleste sesongane av Voyager. DS9 var et avvik fra den vanlege Star Trek-oppskrifta i at serien ikkje handla om romskipet Enterprise og mannskapet ombord. I staden handla serien om romstasjonen Deep Space Nine, ein fjern Føderasjonsutpost på ein tidligare kardassisk gruvestasjon.

Deep Space Nine forlot dei meir utopiske emnene frå tidligare Star Trek-serier, og fokuserte meir på krig, politikk og kompromiss, og andre moderne emne. Kommandør Benjamin Sisko (Avery Brooks) vart tvungen til å samarbeide med eit splitta bajoransk styre med sin førsteoffiser, Major Kira (Nana Visitor). Som ein tidligare motstandsleiar ønskja ho i byrjinga ikkje Føderasjonen si hjelp til å drive stasjonen.

Eit anna eksempel på DS9s mørkare, meir kontroversielle handling er Seksjon 31, ei politiavdeling i Stjerneflåtens Etteretningsteneste (Starfleet Intelligence) driven i all løyndom. Denne udemokratiske skuggeorganisasjonen rettferdiggjer sine ulovlege, etisk betenkelege taktikkar med at han er nødvendig for Føderasjonens vedvarande eksistens.

[endre] Star Trek: Voyager

(1995-2001)

Star Trek - Voyager vart først send på TV i 1995, like etter at The Next Generation-serien var avslutta. Han fann stad i den same fiktive perioden som Deep Space Nine, men denne gongen på eit skip att — USS Voyager. I pilotepisoden blir Voyager sent på eit oppdrag for å spore opp eit skip styrt av ei cellegruppe av Maquis, ein anti-kardassiansk terroristorganisasjon (eller motstandsrørsle — ut frå augo som ser). Under ei jakt gjennom eit område kjend som the Badlands, blir skipa transporterte til den andre sida av galaksen gjennom eit fremmedarta apparat. Mannskapet ombord dei to skipa vert tvungne til å slå seg saman etter at Maquisane sitt skip vert øydelagt av kazonarar.

Sjølv om dei to første sesongane fokuserte på konflikten mellom dei fridomselskande Maquisane og det organiserte Føderasjonsmannskapet, konsentrerte serien i all hovudsak seg om utforskinga av Delta-kvadranten av galaksen (Jorda er på grensa mellom Alfa- og Beta-kvadranten) under Voyager-skipets lange reise heim. På vegen heim må skipet med det passende namnet hamle opp med organstelande vidiianarar, borgane sine mareritt-legionar og den ekstradimensjonelle skrekken frå Species 8472.

[endre] Star Trek: Enterprise

(2001-)

I 2001 starta den nyaste serien som opphavleg berre fekk navnet Enterprise. Enterprise vart sett til år 2151, ti år før Føderasjonen vart skipa. Det var også den første serien uten orda "Star Trek" i tittelen. Han hadde meir action, meir fokus på farar i samband med med utforskinga av verdsrommet med underlegen teknologi. Han hadde òg eit "Temporal Cold War"-plot som ser ut til å lede bort frå den tradisjonelle Star Trek-tidslina. Ved starten av den tredje sesongen i 2003 endra dei tittelen frå berre Enterprise til Star Trek: Enterprise. Ein del av fansen protesterte høylytt mot denne nyaste Star Trek-serien. Dei såg på det som berre et forsøk på å tene pengar med meir action og fokus på lettkledde romvesenkvinner, og dermed avsporing frå meir sentrale tema frå dei tidlegare seriane. Andre har hevda at dei generelt sett låge sjåartala er resultat av eit forsøk på å markedsføre TV-stasjonen deira, UPN, mot ei yngre, mannleg målgruppe. Enterprise har dei lågaste sjåartala for ein Star Trek-serie nokonsinne, ein nedadgående trend sidan avslutninga av The Next Generation.

Enterprise-serien er framleis i produksjon og er våren 2005 i sin fjerde sesong.


[endre] Kinofilmar

Det er vorte produsert i alt ti kinofilmar, kor den siste var planlagt vist på norske kinoar, men aldri vart vist på grunn av dårlege visningstal i utlandet. Delvis på grunn av sterkt press fra fansen vart det likevel sett opp fire spesialforestillingar med Star Trek: Nemesis på Eldorado kino i mars 2003.

[endre] Filmar basert på TOS-mannskapet

  • Star Trek: The Motion Picture (1979)
  • Star Trek II: The Wrath of Khan (1982)
  • Star Trek III: The Search for Spock (1984)
  • Star Trek IV: The Voyage Home (1986)
  • Star Trek V: The Final Frontier (1989)
  • Star Trek VI: The Undiscovered Country (1991)

[endre] Filmar basert på TNG-mannskapet

  • Star Trek: Generations (1994) - (Her er TOS-mannskapet med i starten)
  • Star Trek: First Contact (1996)
  • Star Trek: Insurrection (1998)
  • Star Trek: Nemesis (2002)

[endre] Star Trek i Noreg

[endre] Visningar på norsk TV

Star Trek vart vist på norsk TV første gong i 1996. Då viste TVNorge dei 3-4 første sesongane av The Next Generation. Nokre år seinare viste TV2 stort sett dei same episodane. Frå og med 2003 starta TV2 med å vise Voyager på søndagar. Fansen i Noreg har protestert mot at Voyager-serien ofte fell bort frå sendeplanen på grunn av sportssendingar. TV2 har no starta med å sende serien på laurdagar òg, og dermed forhåpentligvis unngå at det går fleire veker mellom kvar episode. Ulike TV-kanalar har også vist enkelte av filmane.

Ein del nordmenn kunne på slutten av 80-talet og starten av 90-talet sjå originalserien og seinare Next Generation på den britiske TV-kanalen Sky One. Denne kanalen vart imidlertid koda like etter oppstart av Deep Space Nine-serien.

[endre] Norske fanklubbar

Den første fanklubben i Noreg av ein viss merknad var Star Trek Norge. Han hadde utgangspunkt i ei nettside starta opp og vedlikehaldt av Mads Andre Strømsnes. Nettsida vart offisielt lansert 1. august 2001. Nettsida vart drive på frivilleg initiativ, men etter oppstart av nettbutikk vart dei fleste utgifter dekka av denne. 17. januar 2005 vart sida offsielt lagd ned.

Star Trek Norge var ikkje ein klubb i vanleg forstand med eit vald styre og innmelding av medlemmar. Forumet til nettsidene samt irc-kanalen #STNorge på EFnet var jamvel med på å knytte kontaktar mellom norske trekkies.

Ein ny norsk Trekkie-klubb er starta. Han vart skipa november 2004 med eit eige forum som vart kalla Star Trek Norge (samme namn som Strømnes' eksisterande nettside). 21. januar 2005 endra dei namnet til Trekkers Norge. Klubben er ein paraplyorganisasjon for fleire små, lokale Star Trek-klubbar, og har ønskje om å hjelpe til med å skipe lokallag rundt om i landet der dette ikkje fins frå før. Klubben har i dag eit styre og fleire aktive lokallag.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -