Stóra Dímun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stóra Dímun (dansk språk: Store Dimon) er ei øy som er ein del av Færøyane. Øya ligg mot sør i øygruppa, og har ei flatevidd på 2,5 kvadratkilometer. Ein kan koma seg til øya om vérlaget er roleg. Berre ein familie bur fast på øya. Før 1920 var det ruinar etter ei gamal kyrkje på Stóra Dímun, men restane er ikkje teke vare på. Det er to fjell på Stóra Dímun: Høgoyggj (395 moh) og Klettarnir (308 moh).
[endre] På verdsveven
- Faroestamps.fo om Stóra Dímun (på dansk, færøysk, engelsk, tysk og fransk)