Soul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soul (engelsk for sjel) er ein musikksjanger som er ei blanding av rhythm & blues og gospel. Soul hadde sitt opphav i USA på slutten av 1950-talet. Rhythm & blues (eit omgrep skapt av Jerry Wexler) er i seg sjølv ei blanding av blues og jazz og oppsto på 1940-talet hos små musikkgrupper, ofte med bruk av saksofon, som bygde på blues-tradisjonen.
Soul er først og fremst ein unik amerikansk musikksjanger og omgrepsapparatet er derfor amerikansk. Soul har stort sett sitt opphav i tre byar: Memphis, Macon og Muscle Shoals - byar som var regionale utpostar og låg langt bort fra den store plateindustrien. Her kunne artistar, låtskriverar og produsentar få sjansen til å definere si eiga rolle utfrå eigne ressursar.
Soul har vore viktig for utviklinga av funk, disco og hiphop. Moderne soulartistar har ofte element av hiphop med i songane sine.
[endre] Kjende soulartistar
- James Brown
- Ray Charles
- Aretha Franklin
- Otis Redding
- Sam Cooke
- Solomon Burke
- Arthur Conley
- Don Covay
- Ben E. King
- John Legend
[endre] Ulike soul-sjangrar
- Blue-eyed soul
- Detroit (Motown) soul og Northern soul
- Southern soul
- Memphis soul
- Neo soul
- Philadelphia soul
- Psykedelisk soul
[endre] Referansar
- Miller, Jim (editor) (1976). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. New York: Rolling Stone Press/Random House. (Chapter on "Soul," by Guralnick, Peter. pp. 194-197.
- Escott, Colin. Liner notes for The Essential James Carr. Razor and Tie Records, 1995.