Slaget ved Cambrai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Cambrai (20. november – 3. desember 1917) var eit krigsslag mellom britiske og tyske styrkar under den fyrste verdskrigen. Det er kjend for å vera det fyrste slaget der stridsvogner vart nytta i større utstrekking. Britane er rekna som taparar av slaget.
Cambrai er ein fransk by i Nord département (Nord-Pas-de-Calais). I 1917 var byen eit viktig forsyningspunkt for den tyske Siegfried Stellung (Siegfriedlinja), òg kjend som Hindenburg-linja.