Sjeḥitá
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥīṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét.
Dyra skal vera friske og uskadde før slaktinga finn stad. Slaktemåten er omlag den same som muslimsk halál-slakting; og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar.
To omsyn er avgjerande for korleis sjehitá blir utført: Forbudet mot å eta blod og respekten for alt liv.
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans. For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod. Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut. (3. mos. 17:10–14)
Dei grunnleggjande reglane for sjeḥitá er:
- Vis omsyn: Ein skal ikkje slakte noko dyr med andre dyr til stades.
- Unngå smerte: Slakting skal berre skje med ein skalpellskarp kniv med heilt glatt blad i eitt enkelt, raskt, beint og djupt snitt over strupen som ikkje riv opp huda eller kjøtet (for å unngå smerte). Alle andre slaktemåtar: slag (inkludert svimeslag), giftinjeksjon, skot, kverking, drukning, kveling og liknande er strengt forbodne.
- Raskt medvitstap er viktig: Ein skjer over halspulsåra, luftrøret og matrøret i eitt raskt kutt (for å unngå smerte) — dermed går oksygentilførselen til hjernen svært raskt ned, og dyret mister medvitet før smerten når hjernen.
- Blodet må forlata dyret: Alt blod er totalforbode å eta etter jødisk religion. Når dyret har mista medvitet, heiser ein gjerne dyret opp etter bakbeina for å lata blodet forlata dyret så snart og effektivt som muleg.
Da Tempelet i Jerusalem stod, vart blodet av dei dyra (storfe og småfe) som vart ofra der brent på altaret. Av andre dyr — slik som hjortedyr og anna tahór (reint) vilt — skal ein lata blodet renne direkte i jorda att, og ein skal dekkje over blodet med støv eller jord. Dette er òg praksis for storfe og småfe i dag.
For å vera sikker på at alt blodet er ute av kjøtet, må kjøtet saltast og vaskast før ein brukar det til mat. Dette må skje innan 36 timar, og i alle fall føre ein frys kjøtet. Dette treng ein likevel ikkje å gjera om ein skal grille det.
[endre] Sjå òg
- Kasjrút (jødiske religiøse matføreskrifter)
- Halál (muslimske religiøse matføreskrifter)
- Samisk reinsdyrslakting